Ny nettside gjer det lettare for private å leiga ut bustad

Direktoratet for byggkvalitet, Husleietvistutvalget og Kommunal- og distriktsdepartementet lanserte nyleg nettsida boligdugnaden.no.

karishea@Pixabay

Stort behov for utleigebustadar

Krigen i Ukraina gjer at det kjem mange flyktingar til Noreg. Det store behovet for utleigebustadar rammar ikkje berre flyktningane, men og studentar og andre som ønskar seg inn på leigemarknaden. I mange kommunar er utleigemarknaden i ferd med å bli utfordrande, med færre tilgjengelege leigebustadar enn tidlegare.

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK), Husleietvistutvalget (HTU) og Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) lanserte nyleg nettsida boligdugnaden.no.

Målet med nettsida er å gjera det enklare for privatpersonar å leiga ut ledige leilighetar, hus og rom. På nettsida er det samla informasjon om korleis ein kan gå fram for å leiga ut. Ein kan melda inn ledig bustad, og få gode tips og råd ved utleige.

Nettlenke til boligdugnaden.no