Tilsette frå barnehage- og skulesektoren i Vindafjord kommune deltok nyleg på NKUL – Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring.
Konferansen gav deltakarane høve til å henta inspirasjon, auka kompetansen og drøfta utfordringar og moglegheiter knytte til digital utvikling i oppvekstsektoren.
Innhaldsrike og inspirerande dagar
For Vindafjord var dette nokre innhaldsrike og inspirerande dagar. Deltakarane kom tilbake med nyttig fagleg påfyll og mange refleksjonar som er relevante for det vidare arbeidet i både barnehage og skule.
– Det var mange gode samtalar om arbeidet vårt i barnehage og skule, på tvers av einingane. Slike møtepunkt er viktige fordi dei gir oss høve til å dela erfaringar og løfta blikket saman, seier Åse Markhus Berge, rådgjevar oppvekst.
Konferansen gav også ein god arena for samtalar på tvers av einingane i kommunen, der felles utfordringar og erfaringar kunne løftast fram.
Frå venstre: Linn Sæbø (Skjold barnehage), Johanna Veim Hettervik (Skjold skule), Bergfrid Kolltveit (Vik oppvekstsenter), Henriette Aakre Skarveland (Sandeid oppvekstsenter), Pål Askvig (Ølen skule), Tone Andreassen (Vikedal skule), Jan Ivar Amundsen (Vågen oppvekstsenter), Geir-Inge Skjold (Skjold skule), Åse Markhus Berge (Rådgjevar oppvekst)
Åse Markhus Berge/Vindafjord kommune
Viktig å reflektera rundt bruk av teknologi
Årets konferanse hadde særleg merksemd på tema som kunstig intelligens (KI), kritisk tenking, danning, personvern og informasjonssikkerheit.
Dette er tema som blir stadig viktigare i møte med ein kvardag der teknologi utviklar seg raskt og påverkar både læring, undervisning og oppvekstmiljø.
– Samfunnet utviklar seg i høgt tempo, og det stiller store krav til oss som jobbar med barn og unge. Me må både byggja kompetanse og reflektera over korleis teknologien blir brukt i praksis, seier Åse.
Skjermbruk handlar om meir enn skuletid
I debatten om skjermbruk i skulen er det lett å retta merksemda berre mot det som skjer i undervisninga. Eit viktig perspektiv frå konferansen var at me også må sjå skjermbruken til barn og unge i samanheng med fritida.
Den digitale kvardagen stoppar ikkje når skuledagen er over, og dette påverkar både vanar, merksemd og erfaringar som barn og elevar tek med seg inn i barnehage og skule.
Samtidig blei det understreka at utfordringa ikkje berre handlar om kor mykje teknologi som blir brukt, men om kvaliteten på bruken.
Det handlar om å velja verktøy og ressursar som støttar læring og utvikling, og om å hjelpa barn og unge til å bli trygge, bevisste og ansvarlege brukarar av teknologi.
Åse Markhus Berge/Vindafjord kommune
Bevisste val i ein digital kvardag
Eit anna viktig tema på NKUL var behovet for kritisk tenking i møte med digitale ressursar. Når digitale verktøy blir brukte i undervisning eller pedagogisk arbeid, må ein også vera merksam på kva som følgjer med.
Gratis nettsider og tenester kan til dømes innehalda reklame eller innhald som ikkje er tilpassa barn og unge. Slike erfaringar viser kor viktig det er å gjera bevisste val og ha god digital dømmekraft i praksis.
– Det handlar ikkje berre om kva verktøy me brukar, men korleis me brukar dei. Me må hjelpa barn og unge til å vera bevisste og ansvarlege i møte med digitale medium, seier Berge.
Linn Sæbø (Skjold barnehage) i dialog med representant for Visma.
Åse Markhus Berge/Vindafjord kommune
Viktig å starta tidleg
Det var ekstra positivt at Vindafjord denne gongen også hadde med representant frå barnehagen på konferansen.
Digital danning og refleksjon rundt teknologi må starta tidleg, og barnehagen har ei viktig rolle i å leggja grunnlaget for dette arbeidet.
Del av eit større strategisk arbeid
Deltakinga på NKUL kjem samtidig som Vindafjord kommune i vår har utarbeidd ein ny digitaliseringsstrategi for oppvekst.
Strategien skal opp til politisk behandling i juni, og byggjer på fleire av dei same problemstillingane som stod sentralt på konferansen.
På den måten gav NKUL både eit overordna blikk og styrkt kompetanse på eit felt som er i stadig og rask endring.
– Konferansen gav oss nyttige perspektiv inn i det vidare arbeidet med digitaliseringsstrategien for oppvekst. Det er viktig at me utviklar barnehage og skule i takt med tida, samstundes som me tek vare på læring, tryggleik og danning, seier Berge.