Ny koronavaksine på veg - vaksinetimar 8. september blir flytta til 29.september

Vindafjord kommune er godt i gong med oppfriskningsdose til alle over 65 år. Europeiske legemiddelmyndigheiter har nå (1.september) godkjent oppdatert koronavaksine som er venta inn allereie innen få veker. Vaksinene er oppdaterte for å være betre tilpassa variantane av SARS-CoV-2 som sirkulerar nå.

Wilfried Pohnke, Pixabay  

Vindafjord kommune vel å utsetta vidare vaksinering til dei nye oppdaterte vaksinane er på plass til 29. september. De som har time 8. september vil få sms om ny time 29.september.  Alle får tilbod om ny oppdatert oppfriskningsvaksine. Det vil også være eit tilbod om vanlig pfeizer (comirnaty) denne dagen for dei som ønskjer det.

Anbefalingane om oppfriskningsdose gjeld framleis kun dei over 65 år. Folkehelseinstituttet vil om kort tid komme ut med ny informasjon om vaksinasjon i aldersgruppa 18-65 år med underliggande sjukdommar.

Personar i dei anbefalte målgruppene som nyleg er vaksinert med opprinneleg oppfriskningsdose, har allereie gjennom denne fått styrka sin immunitet mot alvorleg sjukdom og treng difor ikkje ytterlegare ny dose med oppdatert vaksine nå.

Informasjonsbrev frå FHI om koronavaksinasjonsprogrammet (PDF, 197 kB)