Ny forskrift om gravplassvedtekter

Vindafjord kyrkjelege fellesråd er lokal gravplassmyndigheit i kommunen. Dei har ansvar for 
gravplassane og gir service og hjelp til alle innbyggjarane i kommunen på dette området.

Den norske kyrkja i Vindafjord

Dei skal òg fastsetje vedtekter for gravplassane i kommunen.

No er det laga nye forskrifter om gravplassvedtekter for Vindafjord kommune. Dei gamle var frå
2005. Dei nye vedtektene er utforma etter anbefalt mal frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, 
Det er denne instansen som er nasjonal myndigheit for gravplassområdet.

Det er komme inn eit par endringar frå dei gamle forskriftene:

  • § 4: Fredingstida for felt A på Skjold gravplass ved kyrkja er auka til 30 år. Dei som dette gjeld har fått 
    beskjed.
  • §5: Vikedal nye gravplass, gravfelt C, er stengt for kistegravlegging. Festegrav som ikkje er teke i bruk 
    for kistegravlegging tidlegare, kan likevel nyttast til reservert gravlegging. Dei som dette gjeld har fått 
    eige brev.
  • I dei nye vedtektene er det òg teke med vedtekter for Namna Minnelund (§11), slik at dei er klare når 
    me får etablert dette.
     

Høyringsfrista er fredag 26. juni 2026.
Innspel kan sendast på e-post til kyrkjekontoret: post.vindafjord@kyrkja.no

Vedlegg: