Ny digital tenestekatalog for barn og unge i Vindafjord: – Eit etterlengta verktøy

Vindafjord kommune lanserer no ein nyutvikla digital tenestekatalog som gir oversikt over tilbod og tenester for barn og unge. 

Katalogen er eit konkret og brukarvennleg verktøy som gjer det enklare å finna fram i det mangfaldige tilbodet som finst i kommunen. 

Turid og Liv Ingrunn står foran skjermbilete av den digitale tenestekatalogen. - Klikk for stort bileteBarnevernsleiar Turid Askeland og prosjektarbeidar Liv Ingunn Heie Medhaug gler seg over å kunne tilby ein ny digital tenestekatalog for barn og unge i Vindafjord. Kristine Thorsen Eikeland

 Brukarvennleg og søkbar 

Katalogen er enkel å bruka og gir oversikt på tvers av einingar og fagområde.  

Brukarar kan søka på tema eller utfordringar, og få opp relevante tilbod – anten det gjeld fritidsaktivitetar, helsehjelp, rådgjeving eller støtteordningar. 

– Dette er noko me har sakna lenge. Det er eit nyttig verktøy som gjer det lettare å hjelpe folk vidare. Me har fått veldig gode tilbakemeldingar frå dei som har fått verktøyet presentert i piloten, seier Turid Askeland, einingsleiar for Etne Vindafjord barnevernteneste.  

– Det er ekstremt konkret, og noko me er veldig stolte av. 

Kommunalsjef for oppvekst, Nils Erik Eide, er også svært positiv: 

– Eg er jublande glad for at dette no er på plass. Det er eit kjempeverktøy – ei dør inn til tenester for barn og unge. Eit godt verktøy for å saman kunne byggje barn og unge på ein sterk måte. 

– Den digitale katalogen gir god oversikt og gjer det lettare for fagpersonar å finna fram til relevante tenester for barn og unge, tilføyer Halfdan Krohn Brekke, kommunalsjef for samfunnsutvikling.

Styringsgruppa for Laget rundt barn og unge ser på den digitale tenestekatalogen som eit viktig verktøy for tverrfagleg samarbeid. Frå venstre Sigurd Gjerdevik, Nils Erik Eide og Halfdan Krohn Brekke. Kristine Thorsen Eikeland

Viktig for dei som møter barn, ungdom og familiar 

Katalogen er blant anna eit viktig hjelpemiddel for dei som jobbar i førstelinjetenestene – som helsesjukepleiarar, lærarar, barnevern og andre fagpersonar som møter barn og familiar i kvardagen. 

– Det er godt å ha noko å visa til når folk treng hjelp. Katalogen gjer det enklare å finna rett informasjon og vise veg vidare, seier Askeland. 

Frå planarbeid til praktisk løysing 

Arbeidet med katalogen starta som ein del av prosessen med å lage ein plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar – eit krav i barnevernsreforma.  

I dette arbeidet vart det tydeleg at mange tilbod var lite kjende, både blant fagfolk og innbyggjarar. Det mangla ei samla oversikt. 

Undersøkingar har òg vist at befolkninga har for låg kunnskap om kva slags tilbod som faktisk finst.  

Dette styrka behovet for å lage ein lett tilgjengeleg og oversiktleg katalog - som kan bidra til bevisstgjering og betre bruk av eksisterande ressursar. 

I arbeidet med planen for førebygging peika prosjektgruppa ut tre sentrale innsatsområde: 

  • Kompetanse – Spreie kunnskap om risikofaktorar og beskyttande faktorar. 
  • Samarbeid og medverknad – Bruke BTI-modellen og handlingsrettleiarar for betre samhandling. 
  • Organisering og tenesteutvikling – Utvikle og styrke lågterskeltilbod og førebyggjande tiltak. 

Den digitale tenestekatalogen er eit konkret tiltak innanfor det tredje området, og eit viktig steg i retning av betre samordning og tilgjengelegheit. 

 Dedikert innsats bak resultatet 

Liv Ingunn Heie Medhaug blei innleigd som prosjektarbeidar for å utvikle katalogen, Ho kjenner kommunen godt, og fortel at det har vore både lærerikt og verdifullt å jobbe tverrfagleg: 

– Det var ikkje alt eg visste om sjølv. Eg gjorde nokre oppdagingar undervegs. Det har vore ein stor og omfattande jobb å samle alt frå heimesida, dra ut det viktige og gjere det presist og oversiktleg. Eg har jobba mykje med språket og med å gjere det lett å finne fram, seier Medhaug. 

Ho understrekar at katalogen må bli tatt i bruk for å få verdi: 

– Det er eit nyttig og godt verktøy – spesielt for nye medarbeidarar. Mange oppgåver må me vera saman om, og dette bidrar til å profesjonalisera det tverrfaglege samarbeidet. 

 Eit verktøy for både fagfolk og familiar 

Katalogen er ikkje berre for fagpersonar – den er også meint for andre som ønskjer å finne ut kva slags hjelp og aktivitetar som finst i kommunen. 

– Me ønskjer å bevisstgjere både innbyggjarar og tilsette om kva som finst. Det er viktig at folk veit kvar dei kan få hjelp, og kva som finst av førebyggjande tilbod, seier Askeland. 

Digital tenestekatalog for barn og unge