Norskkurs på kveldstid i Vindafjord

Vindafjord vaksenopplæring ønskjer å tilby norskkurs på kveldstid for vaksne frå september til desember 2026. 

Kurset vil vera på nivå A2/B1, og er aktuelt for dei som ønskjer å utvikle norskferdigheitene sine både skriftleg og munnleg.

– Å kunne norsk er ein nøkkel for å bli meir sjølvstendig i kvardagen. Språket er viktig både for å kunna ta utdanning, koma i arbeid og bli ein del av fellesskapet der ein bur, seier Marte Bull-Njaa, avdelingsleiar ved Vindafjord vaksenopplæring.

Marte Bull-Njaa Avdelingsleiar vaksenopplæringa, utenfor Sjøperlo - Klikk for stort bileteMarte Bull-Njaa Avdelingsleiar vaksenopplæringa, utenfor Sjøperlo Kristine Thorsen Eikeland

Ein kveld i veka

Undervisninga vil gå føre seg ein kveld i veka, med tre undervisningstimar kvar gong. 

Kurset følgjer læreplanen i norsk for vaksne innvandrarar, og deltakarane vil arbeida med både lytting, lesing, munnleg språk og skriftlege oppgåver. Det vil bli forventa eigeninnsats, og deltakarane må ha med eigen PC.

Kurset skal etter planen gå på kveldstid, onsdagar, og vil ha undervisning i lokala til Vindafjord vaksenopplæring i Ølen, i Sjøperlo. 

Kursavgifta er 4 700 kroner, og lærebøker og digital ressurs er inkludert.

Det må vera minst 12 deltakarar for at kurset skal starta opp. Dersom interessa er stor, kan det òg bli aktuelt å setja opp kurs frå januar til mai, med mål om norskprøve i mai.

Moglegheit for fleire kurs

Vindafjord vaksenopplæring ønskjer òg å høyra frå dei som kan vera interesserte i kurs på lågare eller høgare nivå. Ved tilstrekkeleg interesse vil ein vurdera å tilby fleire kurs.

Dei som er interesserte eller har spørsmål, kan ta kontakt på e-post: vaksenopplaeringa@vindafjord.kommune.no