Norskkurs på kveldstid - framleis ledige plasser

Vindafjord vaksenopplæring har starta opp to norskkurs på kveldstid for vaksne frå september til desember 2026 – og det er framleis plass til fleire deltakarar.

Me tilbyr:

  • Kurs på nivå A2/B1 – for deg som kan litt norsk og vil bli tryggare og meir sjølvstendig
  • Kurs for nybegynnarar – for deg som ikkje kan norsk, eller nett har starta å læra

– Å kunne norsk er ein nøkkel for å bli meir sjølvstendig i kvardagen. Språket er viktig både for å kunna ta utdanning, koma i arbeid og bli ein del av fellesskapet der ein bur, seier Marte Bull-Njaa, avdelingsleiar ved Vindafjord vaksenopplæring.

Marte Bull-Njaa Avdelingsleiar vaksenopplæringa, utenfor Sjøperlo - Klikk for stort bileteMarte Bull-Njaa Avdelingsleiar vaksenopplæringa, utenfor Sjøperlo Kristine Thorsen Eikeland

Kven passar kursa for?

Kursa er for vaksne som:

  • ønskjer å bli tryggare i norsk i kvardagen
  • treng norsk for jobb, utdanning eller vidare opplæring
  • vil forstå meir norsk når dei snakkar med skule, barnehage, NAV eller arbeidsgjevar
  • vil delta meir aktivt i lokalsamfunnet

Kurset følgjer læreplanen i norsk for vaksne innvandrarar, og deltakarane vil arbeida med både lytting, lesing, munnleg språk og skriftlege oppgåver. Det vil bli forventa eigeninnsats, og deltakarane må ha med eigen PC.

Praktisk informasjon

  • Oppstart kurs A2/B1: onsdag 2. september 2026
  • Oppstart kurs nybegynnarar: onsdag 9. september 2026
  • Tid: onsdagar september–desember, kl. 17.30–20.15
  • Stad: Sjøperlo, Dreganesvegen 40, Ølen
  • Pris: kr 4 700 (lærebøker og digital ressurs er inkludert)
  • Målform: nynorsk

Påmelding og spørsmål

Er du interessert, eller har spørsmål om kva kurs som passar best for deg?

Ta kontakt på e-post: vaksenopplaeringa@vindafjord.kommune.no