Nominer kandidatar til Miljøprisen 2025

No kan du nominera kandidatar til Miljøprisen 2025. Prisen skal løfta fram og heidra personar, verksemder og organisasjonar som gjer ein ekstra innsats for miljøet i Rogaland.

Kven kan få prisen?
Miljøprisen kan gå til enkeltpersonar, bedrifter, organisasjonar eller institusjonar som:

  • Bidra til berekraftig utvikling og klimaomstilling
  • Fremja miljøvenlege løysingar og innovasjon
  • Engasjera seg i naturvern og biologisk mangfald
  • Inspirera andre til miljøvenleg åtferd
Hender som hoder plante - Klikk for stort bilete Pexels

Slik nominerer du
Send inn ditt forslag med ei kort grunngjeving (maks 300 ord) til firmapost@rogfk.no innan 12. oktober 2025.

Innkomne forslag vil vera unntatt offentlegheit i samsvar med offentleglova § 26.

Prisvinnaren blir offentleggjort under fylkestinget 9. desember 2025.

Har du ein kandidat som fortena å bli løfta fram? Nominer og bidra til å setja fokus på miljø og berekraft i Rogaland.

Les meir om prisen her