Målet med kåringa er å synleggjera unge bønder som tek ansvar for eigen gard og eiga næring, og samstundes bidra til å styrkja rekrutteringa til norsk landbruk.
Kåringa set søkjelys på dei som utviklar drifta si, tek i bruk nye løysingar og skapar verdiar for både lokalsamfunnet og matproduksjonen i Noreg.
Det har kome inn gode nominasjonar frå Rogaland, men det er plass til fleire. Innbyggjarar, lag, organisasjonar og nettverk kan nominera aktuelle kandidatar.
For å bli nominert må kandidaten vere under 35 år, drive med matproduksjon i Noreg og vere ein god representant for norsk landbruk.
Det er mogleg å nominere både enkeltpersonar og par. Kven som helst kan nominere, og du kan også nominere deg sjølv.
I år er det 17. gong Norges Bygdeungdomslag, Felleskjøpet og McDonald’s i Noreg kårar «Årets unge bonde».
aretsungebonde.no
Til semifinalistar blir valde ut
Etter at nominasjonsperioden er over, blir ti semifinalistar valde ut. Publikum stemmer så fram sine favorittar, før dei tre med flest stemmer går vidare til finalen. Ein fagjury kårar vinnaren, som blir annonsert 11.09.2026 på Dyrsku’n.
Les meir og send inn nominasjon på nettsida:
https://aretsungebonde.no/