No kan frivillige organisasjonar søkja momskompensasjon

No kan frivillige organisasjonar i Vindafjord søkja momskompensasjon. Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordela over 3 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2026.

Føremålet med ordninga er å fremja frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjera for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Organisasjonen må vera registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vera ein viktig del av verksemda for å søkja.

Søknadsfristen er 1. september 2026.

To modellar

Det kan søkjast etter to modellar. Minstegrensa for å søkja etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søkja gjennom sentralledd.

Merk: 

Organisasjonar som er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges idrettsforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande) skal sende søknaden via dei. Sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn Lotteri- og stiftelsestilsynet sin frist.  

For søknadsrunden 2026 er det nytt regelverk. 

De kan lese meir om ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nettstad.

Illustrasjon - Klikk for stort bilete