No kan du førehandsstemma fram til 5. september

I Vindafjord kommune står Anne Mette og dei andre flinke valmedarbeidarane klare til å ta i mot di førehandstemme.

Frå 11. august til og med 5. september kan du førehandsstemma til stortings- og sametingsvalet 2025 – uansett kvar du oppheld deg i landet.  

Me har fleire stemmelokale som er opne i perioden.

Viktige datoar:

  • Førehandsstemming: 11. august – 5. september
  • Valdagen: måndag 8. september
Anne Mette i vallokalet ved Rådhuset - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Hugs dette når du skal stemma:

  • Ta med legitimasjon med bilete

Dersom du stemmer på førehand i ein annan kommune enn heimkommunen din, vil stemma automatisk bli sendt til heimkommunen. Stemmene må vera Vindafjord kommune i hende før kl. 17.00 dagen etter valdagen for at dei skal telja med i valoppgjeret.

Du kan lesa meir om førehandsstemming her, samt sjå tider for stemming ved institusjonar og skular.

Fleire opplysningar om førehandstemming og valet generelt kan du få med å kontakte oss: