3. og 4. klassingane på Imsland skule og barnehage har den siste tida vore med i Batterijakta og samla batteri til den store gullmedaljen; i allefall til sølv! Dei kom nemleg på 2.plass i Noreg og vann heile 20.000 kr.
Bente T. Gjil
I dag var elevane på gardsbesøk og dei fekk ei stor overrasking då dei kom tilbake til skulen igjen. Der venta nemleg ordførar Tove Elise Olsen Madland, Grannar, NRK og rektor med kake og sjekk frå Miljøagentane Batterijakta, og fruktkorg frå Vindafjord kommune. 462 kilo batteri hadde dei åtte elevane samla inn, og dei prata med journalistane som dei aldri hadde gjort anna. Gratulerer!
Bente T. Gjil
Sist endra 06.05.2021 20.47