Nav Vindafjord-Etne flyttar inn i nytt bygg: – Det er flotte og funksjonelle lokale

Torsdag 4.juni flyttar Nav Vindafjord-Etne inn i nye lokale i Dreganesvegen 36B i Ølen. Dei nye lokala ligg sentralt til mellom Ølen senter og Sjøperlo, med flott utsikt mot sjøen.

Praktisk informasjon og opningstider på ulike språk finn du nedst i artikkelen.

Practical information and opening hours in different languages can be found at the bottom of the article.

Det er travle og spanande dagar for leiar Kristin Tofte og dei tilsette i Nav Vindafjord-Etne. 

I ei tid har det vore stor flytteaktivitet mellom dei tidlegare lokala på rådhuset og dei nye lokala nede ved kaien i Ølen. No er mykje på plass, og forventningane er store før dørene opnar.

Leiar Kristin Tofte inne i dei nye lokala - Klikk for stort bileteLeiar Kristin Tofte er nøgd med dei nye lokala. Kristine Thorsen Eikeland

I om lag eitt og eit halvt år har arbeidet med dei nye lokala vore i gang. Dei tilsette har vore tett involverte i både planlegging og utforming, og har mellom anna delteke i val av løysingar, funksjonar og fargar.

– Me har ønskja at lokala skal opplevast varme, energiske og trivelege, og har gått for fargar som passar godt saman og gir liv, fortel Tofte.

Grønt er fargen som går mest att i lokala, og spelar fint saman med den lyse atmosfæren og den flotte sjøutsikta gjennom dei store vindauga. 

På dørene heng skilt med romnamn henta frå nutar og fjelltoppar i Etne og Vindafjord, noko som gir lokala ein tydeleg lokal identitet.

Leuar Kristin Tofte utanfor det nye lokala - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

10 år på rådhuset

Nav Vindafjord-Etne har halde til på Vindafjord rådhus i ti år. No går dei inn i ein ny fase, med nye lokale og nye moglegheiter.

– Me kjem til å sakne kollegaene våre på rådhuset, som me har hatt eit veldig godt samarbeid med. Samstundes gler me oss til ein ny epoke i flotte og funksjonelle lokale, seier Tofte.

Nokre av dei tilsette inn i dei nye lokala - Klikk for stort bileteDei tilsette gler seg til å flytte inn. Kristine Thorsen Eikeland

Mange moglegheiter

Dei nye lokala er planlagde med tanke på både funksjonalitet og behov.

 I første etasje er det lagt til rette for møte med innbyggjarar og ulike tenester, med fleire samtalerom, gode løysingar for rettleiing og møte, og etterlengta kurslokale for kurs og verkstader. 

Her blir det mellom anna mogleg å arrangere CV-verkstad og andre aktivitetar, og lokala har eige kjøkken som kan nyttast i samband med kurs.

I andre etasje får dei tilsette moderne og fleksible arbeidsområde, med fokusrom, opne soner, store møterom og sosial sone med kjøkken.

Kristine Thorsen Eikeland

Dyktige bidragsytarar

For Kristin er det ekstra kjekt å sjå dei nye lokala stå ferdige. Mange gode krefter har vore med undervegs, og resultatet har blitt både praktisk, innbydande og gjennomført.

– Dette er noko me har sett fram til, og det er veldig kjekt å sjå kor fint det har blitt. Mange flinke folk har bidrege undervegs, og no kjenner me på både stoltheit og glede over å kunne flytte inn, seier ho.

Praktisk informasjon

Ny besøksadresse frå 04.06.2025:

Nav Vindafjord-Etne

Dreganesvegen 36B, Ølen

Timeavtalar
Det kan avtalast møte alle kvardagar mellom kl. 09.00 og 15.00.

Ope for informasjon og rettleiing utan avtale
Tysdagar kl. 12.00–14.00

Torsdagar kl. 12.00–14.00

Vakttelefon ved behov for naudhjelp og mellombels bustad
For deg som har behov for naudhjelp eller mellombels bustad, er det oppretta ei vakttelefon:

Telefon: 457 12 369

Opningstid: kl. 09.00–15.00 alle kvardagar

Det nye NAV-bygget - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Practical information and opening hours in different languages 

Nav Vindafjord-Etne has moved to new offices

Address:
Dreganesvegen 36B
5580 Ølen

Open for information and guidance without an appointment:
Tuesdays 12:00–14:00
Thursdays 12:00–14:00

Appointments can be scheduled on weekdays between 09:00 and 15:00.

Emergency phone for urgent assistance and temporary accommodation

If you need urgent assistance or temporary accommodation, you can call our emergency phone:

Phone: 457 12 369

Opening hours: Weekdays, 09:00–15:00

NAV NAV