Nasjonalt forløp for barnevern: Eit felles løft

Vindafjord kommune og Etne kommune har saman lansert eit forløp for tverrfagleg helseoppfølging av barn og unge i barnevernet. Forløpet byggjer på det nasjonale forløpet for barnevern.

Forløpet er utarbeida for å sikra betre kartlegging og utgreiing av psykisk helse, somatisk helse, seksuell helse, tannhelse og rus.

Bakgrunnen er tydeleg: Barn og unge i barnevernet har høgare risiko for ulike helseplager enn andre barn.  

For å sikra at dei får den hjelpa dei treng, må behova fangast opp tidleg og følgjast opp meir heilskapleg.

– Målet er at me skal samla oss meir om ungane, at alle tek sin del av ansvaret og at me snakkar betre saman, seier Turid Askeland, einingsleiar for Etne Vindafjord barnevernsteneste.

Nokre av dei som har vore med i arbeidsgruppa. Frå venstre: Anne Beate Økland (konstituert helseleiar i Vindafjord), Turid Askeland (einingsleiar barnevernet), Elisabeth Lunde Sørheim (Helseleiar i Etne) og Marit Svendsen Haug (kvalitetsutviklar barnevernet). - Klikk for stort bileteNokre av dei som har vore med i arbeidsgruppa. Frå venstre: Anne Beate Økland (konstituert helseleiar i Vindafjord), Turid Askeland (einingsleiar barnevernet), Elisabeth Lunde Sørheim (Helseleiar i Etne) og Marit Svendsen Haug (kvalitetsutviklar barnevernet). Kristine Thorsen Eikeland

Betre samarbeid mellom barnevern og helsetenester

Det nasjonale forløpet er utvikla av Bufdir og Helsedirektoratet, og Etne og Vindafjord har valt å laga lokale rutinar for korleis arbeidet skal gjennomførast i praksis.  

Ein ønskjer med dette å fremja eit større samarbeid mellom barnevern og helsetenester, slik at barn ikkje fell mellom to stolar.

– Barn og unge i barnevernet har ofte samansette utfordringar som ingen teneste kan løysa åleine. Me må jobba som eitt lag, ikkje kvar for oss, seier Askeland.

Terskelen skal vera låg

Det er barnevernstenesta som har hovudansvaret for å setja i gang forløpet. 

Barneverntenesta kan anten starte opp eit forløp på eiga vurdering, eller ta saka opp til drøfting i eit tverrfagleg team samansett av lege, BUP, helsestasjon og PPT, og deretter bli einige om saka er aktuell for eit forløp.

Ein viktig del av forløpet er dialog med barnet og føresette. Samarbeidet mellom tenestene byggjer på samtykke, slik at informasjonsdeling og oppfølging skjer på ein trygg og føreseieleg måte.

Deretter blir det halde oppstartsmøte og avklaringsmøte, slik at dei rette tenestene kan koplast på tidleg.

– Det handlar om å avdekkja uhelse, starta opp gode forløp og gjera tilbodet kjent for dei som jobbar med barn og unge, seier kvalitetsutviklar i barnevernet, Marit Svendsen Haug.

Ho understrekar at terskelen for å setja i gang forløpet skal vera låg.

Lansering av nasjonalt forløp for Etne og Vindafjord. - Klikk for stort bileteLansering av nasjonalt forløp for Etne og Vindafjord. Kristine Thorsen Eikeland

Betre struktur og tydelegare ansvar

I forløpet samarbeider barnevern, fastlege, helsestasjon, psykisk helse, BUP og tannhelsetenesta ved behov.  

Dei aktuelle helsetenestene kartlegg og greier ut i samarbeid med barnet og familien, og viser vidare til spesialisthelsetenesta når det trengst.

Undervegs blir det halde statusmøte der ein evaluerer, justerer og fordeler vidare ansvar.

Den beste arenaen

I Etne og Vindafjord skal dei bruka dei nyleg etablerte Kva no-møta som arena for desse statusmøta.

– Dette er den beste arenaen me har, fordi møta allereie er tverrfaglege og i ferd med å etablere seg i systemet, seier Askeland.

– Målet er å gi rett hjelp til rett tid, med betre struktur, betre førearbeid og mindre frustrasjon for både tenestene og familiane, legg Svendsen Haug til.

Byggjer vidare på eksisterande samarbeid

Det lokale forløpet skal sjåast i samanheng med anna utviklingsarbeid i kommunane.  

For både Vindafjord og Etne er dette ein del av arbeidet med «Heile laget rundt barn og unge» og samhandlingsmodellen «Bli sett med BTI».

– Me har tru på dette. Ved å setja oss tettare saman kan me få betre hjelp, auka den profesjonelle tilnærminga og bli endå betre på å samarbeida, seier Mona R. Sævik, kommunalsjef for oppvekst i Etne.

Lansering av nasjonalt forløp i kommunestyresalen - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Eit tryggare tilbod for barn og familiar

Eit viktig mål med forløpet er å skapa tryggleik og tillit for barna og familiane.  

Når tenestene samarbeider betre, blir det lettare å forstå barnet sine behov, avklara kven som skal gjera kva, og sikra at oppfølginga heng saman.

Det handlar i botn og grunn om å samla brikkene, dela relevant informasjon og byggja gode lag rundt barn og unge som treng det mest.

Arbeidsgruppa som har jobba med dette lokalt er Turid Askeland (einingsleiar barnevernet), Marit Svendsen Haug (kvalitetsutviklar barnevernet), Anne Beate Økland (konstituert helseleiar i Vindafjord), Elisabeth Selland Winthertun (kommuneoverlege i Etne), Elisabeth Lunde Sørheim (Helseleiar i Etne) og Eline H. Siglen (Ølen tannklinikk).