Nå skal Solbakken byggast

Det skal byggast sju omsorgsbustadar for psykisk og fysisk funksjonshemma i Ølen for å erstatta Seljebakken, som skal nyttast til andre føremål.

Dei nye omsorgsbustadane skal byggast rett bak parkeringa til rådhuset (sjå kartet).

Fasade sørvest av Solbakken. Leikeplass til venstre og carport til høgre. - Klikk for stort bileteFasade sørvest. Leikeplass til venstre og carport til høgre. Illustrasjon: Arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke AS Dette blir veldig bra!

I byggeperioden vil det skje fleire endringar knytt til tilkomst og parkering for dei som skal til rådhuset, Ølen omsorgssenter (ØOS) og bustadane mellom desse.

Endringar frå 6. oktober

Me vil med løysingane under sikra at alle skal få god tilgang i byggeperioden.

Det vil bli ulike løysingar framover, og det vil bli gitt fortløpande informasjon. Stenging av vegen vil antakeleg gjelda fram til nyttår, og endringane vil bli skilta.

  • Frå 06.10.21 blir vegen Rådhusplassen stengt ved raud tjukk strek på kartet.
  • Heile parkeringsplassen framfor Solbakken blir også stengt frå 06.10.21, vist med grønt kryss på kartet.

For dei som skal til ØOS og teststasjonen

  • Alle som skal til ØOS får ny tilkomst via vegen Eiabakken
  • Hovudtilkomst til ØOS er vist med raude piler. Einvegskøyring rundt ØOS skal halda fram, også vist med raude piler
  • Dette er også tilkomst til teststasjonen
  • Besøksparkering blir som før

For dei som skal til rådhuset

  • Hovudtilkomst til rådhuset blir som før
  • Besøksparkering framfor rådhuset skal som i dag berre nyttast ved korte besøk
  • Ver merksam på at vegen Rådhusplassen er stengt opp til Ølen omsorgssenter
  • Bruk eventuelt alternativ parkering i Ølen sentrum. Nordaust for Ølen kulturhus på Sjøperlo er det ein stor kommunal parkeringsplass