Møte i representantskapet i HIM: Ope for alle

17. juni 2026 er det møte i representantskapet i HIM. Det er ope for alle som ønskjer å følgja møtet.

Møtet blir halde onsdag 17.06.26 kl. 14.00-15.30 på Årabrot Miljøpark.  

Sjå her for innkalling og saksdokument

For å ha plass til dei som ønskjer å følgja møtet, meld frå seinast 12. juni viss du ønskjer å delta. 

Gi beskjed til administrerande direktør i HIM, Gro Staveland på e-post:

 gro.staveland@him.as

Møta skal kunngjerast i forkant, og sakspapira skal vera offentleg tilgjengelege både før og etter møtet.

Representantskapet i HIM er sett saman av representantar frå eigarkommunane Haugesund, Tysvær, Bokn, Vindafjord og Etne. Dei møtest to gonger i året.

I januar 2024 tok ny IKS-lov til å gjelda, som seier at møta i representantskapet skal vera opne for allmenta på lik line som til dømes kommunestyremøte og formannskapsmøte. IKS-lova er ein norsk lov som regulerer interkommunale selskap, som HIM.