Møte i beredskapsrådet: – Ein viktig arena for å tenkje heilskapleg
Denne veka vart det halde møte i beredskapsrådet i kommunestyresalen, leia av ordførar Ole Johan Vierdal og beredskapsrådgjevar Lars Preben Håvik.
Til stades var ei rekkje aktørar innan samfunnstryggleik og beredskap, mellom anna representantar frå Sivilforsvaret, Vindafjord kommune, Røde Kors, Haugaland Brann- og Redning IKS, Fagne, Sanitetskvinnene og politiet.
På dagsorden stod både erfaringsutveksling og styrkt samhandling på tvers av etatar og organisasjonar.
Fleire av aktørane presenterte rolla si i beredskapsarbeidet og korleis dei jobbar i praksis.
I tillegg vart totalberedskapsåret 2026 løfta fram som eit sentralt tema.
– Dette var eit svært nyttig møte og ein viktig arena for å byggje nettverk og tenkje heilskapleg om beredskap i kommunen, fortel beredskapsrådgjevar Lars Preben Håvik.
Representantar frå Sivilforsvaret, Vindafjord kommune, Røde Kors, Haugaland Brann- og Redning IKS, Fagne, Sanitetskvinnene og politiet var til stades.
Ingebjørg Rullestad Gjerde
Kristine Thorsen Eikeland
Sist endra 22.01.2026 09.55