Møt vår nye kreftkoordinator

Hilde Aasheim (45) er busett i Etne saman med ektemann og tre søner. Etter 26 år i Stavanger valde familien å flytte tilbake til heimbygda hennar, eit val dei er svært glade for. 

På fritida finn du gjerne Hilde ute i naturen, anten i hagen eller på fjellet saman med familie og gode vener.

Hilde er utdanna kreftsjukepleiar og familieterapeut, og har over 20 års erfaring innan kreftomsorg og lindrande behandling (palliasjon). Ho har arbeidd både i heimesjukepleia, kommunalt palliativt team og dei siste fem åra som kreftkoordinator i Stavanger kommune.

Som kreftkoordinator ønskjer Hilde å bidra til at kreftpasientar og pårørande får tryggleik, støtte og god oppfølging gjennom heile sjukdomsforløpet. Ho er oppteken av å sjå kvart menneske og kvar familie som ein heilskap, og hjelpe til med å finne rett hjelp til rett tid.

Eg har ofte sagt at eg er god på ulikheit, me er alle forskjellige. Som kreftkoordinator får eg vere både fagperson og medmenneske. Det er svært meiningsfullt å kunne stå saman med pasientar og pårørande i ei krevjande tid, fortel Hilde.

Me ønskjer Hilde varmt velkomen og ser fram til å ha ho med på laget!

Her kan du lese meir om våre kreftkoordinatorar - og den viktige jobben dei gjer