Sidan oppstarten 17. august har han fått høve til å bli betre kjent med kommunen, fagmiljøa og næringslivet – og dei viktigaste oppgåvene framover.
Marianne Log Rødde
– Vindafjord er ein spennande kommune, og eg ønskjer å vera med og utvikla han vidare saman med innbyggjarar, næringsliv og politikarar, seier Arvid.
Første inntrykk av Vindafjord
Dei første vekene har gitt eit tydeleg bilete av ein kommune med mykje aktivitet og engasjement.
– Det første som slo meg, er at Vindafjord har eit blomstrande og variert næringsliv. Det har vore interessant å setja seg inn i næringsstrukturen og å treffa nokre av bedriftene. Eg gler meg til å møte fleire aktørar framover, seier han.
Han peikar også på godt samarbeid internt i kommunen.
– Eg er positivt overraska over kor godt administrasjonen og politikken samarbeider. Dei vil kvarandre vel og snakkar kvarandre opp. Det gir eit godt utgangspunkt for å få til ting saman, seier Arvid.
Ansvar og viktige oppgåver
Som kommunalsjef for samfunnsutvikling har Arvid mellom anna ansvar for kommuneplanen, areal- og samfunnsplanar, kultur, næringsutvikling og samarbeid med næringsliv og lokalsamfunn.
Ei særleg viktig utfordring er bustadsituasjonen fram mot 2040.
– Kommunen treng om lag 400 nye bustader innan 2040. Det er nødvendig for å leggja til rette for befolkningsvekst, og for at fleire eldre skal kunna bu heime lengre på ein god måte. Å få til dette på ein god og berekraftig måte blir ei av dei viktigaste oppgåvene framover, seier han.
Arvid er oppteken av å vera ein tilretteleggjar snarare enn å «eiga» alle løysingane sjølv.
– Eg ønskjer å vera ein fasilitator for at kommunen og næringslivet saman kan møte framtida på ein god måte. Det krev godt samarbeid med teamet mitt, kollegaer i organisasjonen, næringslivet og politikarane – me skal dra i lag, seier han.
Brubyggjar og tilgjengeleg leiar
Arvid vil vera ein brubyggjar mellom kommunen og næringslivet.
– For meg handlar det om å skapa og halda ved lag ein open og god dialog, samstundes som me arbeider med kommuneplanarbeidet og legg retning for vidare utvikling, seier han.
For tilsette og fagmiljø i kommunen er det viktig å vite kva dei kan forventa av den nye kommunalsjefen.
– Eg legg vekt på å vera tilgjengeleg, lyttande og tydeleg på retning. Eg vil gjerne at folk tek kontakt – anten det handlar om ein idé, ein utfordring eller eit prosjekt me kan løysa saman. Eg trivst i eit miljø der me gjer kvarandre gode og spelar kvarandre gode, seier Arvid.
Familie og fritid
Utanfor jobb har Arvid eit aktivt liv. Han pendlar frå Norheim i Karmøy, der han bur saman med sambuar og born.
– Mykje av fritida går med til familien. Eg får energi av å vera ute og tilbringa tid med dei nærmaste. Det gir ein god balanse til ein hektisk kvardag, fortel han.
Den same kjensla av balanse og retning er viktig for han i jobben.
– Det gir meg ekstra energi når me har klar retning, og når me klarar å følgja opp planane på ein god måte. Då opplever eg at me kjem vidare – saman, seier han.
Ser fram til vidare utvikling
Arvid ser fram til å bli endå betre kjent med bygdene og innbyggjarane i Vindafjord.
– Eg gler meg til å jobba vidare med samfunnsutviklinga i Vindafjord. Målet er å leggja til rette for gode løysingar for både innbyggjarar og næringsliv, og eg håpar mange vil vera med på laget, avsluttar han.