Med fokus på godt alkovet

Fredag 10. november stod tilsette frå helsestasjonen og skulehelsetenesta på stand på Ølen torg og Kiwi Skjold. Dei hadde fokus på Av-og-til, med bodskap om fornuftig bruk av alkohol rundt barn og unge.

Frå venstre: Bjørg Stokland, Hilde Bjerkreim og Maria Lilleskog Eikeland, på Ølen Torg.

Vindafjord kommune er ein Av-og-til kommune

Av-og-til er ein organisasjon som jobbar for godt alkovett, der alkohol kan utgjera ein risiko for seg sjølv og andre. Gjennom året har Vindafjord ulike kampanjar knytt til tema godt alkovett.

Sølvi Haraldseid på Kiwi i Skjold.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nettlenke til Av-og-til