Kommunedelplan for naturmangfald og karbonrike areal skal ha som mål å fungere som eit kunnskapsgrunnlag og verktøy for berekraftig forvaltning av kommunen sine naturverdiar. Kommunen vil:
- Auke kunnskapen om naturmangfald i kommunen – Kva naturverdiar har me, kor finst dei, og korleis kan me ta vare på dei?
- Gje naturmangfald ei stemme i arealforvaltninga
- Gjere det enklare og meir føreseieleg for forvaltning, politikk, næring og innbyggarar
Medverknad
Alle kan gi høyringsuttale til planprogrammet og ved seinare høyring av planforslaget. I arbeidet med utarbeiding av planen ønskjer me utvida medverknad frå aktuelle aktørar og interesseorganisasjonar som til dømes kan vere: Jakt og fiskeforeining, Bondelag, Grendeutval, Birdlife, Botanisk foreining, Naturvernforbund, Turistforeining/turlag, Lokale ressurspersonar, Regionale forvaltningsorgan og lokalt næringsliv.
Det blir møte på rådhuset i Ølen 6. mai kl 18- 20.00
Møte vil generelt ha fokus på korleis kunnskapsgrunnlaget ytterlegare kan bli betre og innspel til planarbeidet med målsettingar og tiltaksplan.
- Info om planprosessen
- Visning av Digital kartløysing som er lansert som ein del av medverknaden kor det vil vere mogleg å registrere område over viktige naturverdiar direkte i kartløysinga. Denne løysinga vil vere open i heile medverknadsperioden.
- Informasjon om kva me veit om naturmangfaldet i kommunen i dag. Biofokus vil presentere førebels oversikt over samanstilt kartlegging av naturverdiar i kommunen og peike på område som kan vere aktuelle for utvida kartlegging
- Informasjon om mogleg ytterlegare kartlegging sommaren 2025
- Spørsmål og innspelsrunde også med moglegheit for å gje innspel direkte i kartet.
Me kjem til å invitere dei me har kjennskap til allereie, men ønskjer tilbakemelding frå alle med lokal kompetanse som kan tenke seg å vere med i planarbeidet.
For nærare spørsmål, kontakt Anne Sofie Sandvik på tlf. 93 64 60 43 eller e-post
anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no.
Kunnskapsgrunnlag
For å hjelpe kommunane med å komme i gang med arbeidet har miljødirektoratet ei tilskotsordning for utarbeiding av kommunedelplan for naturmangfald. Vindafjord kommune fekk tilsegn i 2024.
Tilskotsmidlane blir brukt for å betre/samanstille kunnskapsgrunnlaget samt lage forslag til tiltaksplan for å ta vare på naturmangfaldet i kommunen, og kommunen har etter utlysing engasjert Biofokus til dette arbeidet.
Samanstilt og oppdatert kunnskapsgrunnlag vil gjere det lettare for administrasjon, beslutningstakarar og innbyggarar å ta velvurderte val når det kjem til arealforvaltning. Biofokus vil oppdatere kunnskapsgrunnlaget vårt og komme med forslag til utvida kartlegging og forslag til tiltak til kommunedelplanen.
Eksisterande kunnskap om naturen i kommunen har ein del manglar og nokre av tiltaka i planen vil handle om å styrke kunnskapen ved hjelp av feltarbeid. Kommunen har søkt om ekstra midlar for å gjere supplementerande kartleggingar. Dersom kommunen får tilskot til utvida kartlegging i 2025, vil utvida kartlegging gå inn i kunnskapsgrunnlaget til planen. Me vil få svar på søknaden i forkant av møte i mai.
Oppstart og planprogram
Akkurat nå ligg planprogrammet ute på høyring. Planprogrammet er oppskrifta på korleis arbeidet med kommunedelplanen skal gjennomførast, og skildrar føremålet med planarbeidet, utfordringar og tema for planarbeidet, medverknad og framdrift.
Høyringsfrist er sett til 22.04.2025.
Planprogrammet finn du her: Kommunedelplan 2026-2038 (Planprogrammet i pdf. format (PDF, 618 kB)