Me digitaliserer delar av eigedomsarkivet

Vindafjord kommune startar no arbeidet med å digitalisere delar av det historiske eigedomsarkivet innan areal, forvaltning og teknisk.

Viktoria Rush Lien

Arkivet blir henta frå teknisk bygg i Sandeid og sendt til digitalisering. Det omfattar papirarkiv frå om lag 1960 til 2015, og inneheld mellom anna byggjesaker, oppmåling, veg, vatn og avløp, kart og anna historisk dokumentasjon – også frå tidlegare Vindafjord og Ølen kommunar.

Frå og med onsdag 10. juni er det ikkje mogleg å møte opp på teknisk bygg i Sandeid for å sjå i papirarkiva. Arkivet er under transport og klargjering, og me vil ikkje ha tilgang til materialet dei næraste dagane.

Ved behov må dokument bestillast frå leverandør under arbeidet. Dette kan gi om lag éin ekstra arbeidsdag behandlingstid ved innsyn i eldre dokument.

Me ber om forståing medan arbeidet pågår.