Matglededag

Onsdag 4. oktober var det på ny duka for Matglede dag både  ved Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter. Kjøkkenet diska - i år også- opp med nydeleg middag og dessert, kaffe og Bailey's for dei som ønska det.

Vindafjord kommune

Kjøkkenpersonalet var sjølve med å serverte bebuarane. På Vindfjordtunet var elevar frå Skjold skule- gjennom valfaget «Innsats for andre» til god hjelp på alle avdelingar og i bustadane. Ingri Mathilde- lærar – hadde seg ein runde og hadde høgtopplesning.

Ved Ølen omsorgssenter var Kristian & Gjengen samla til glede for bebuarane her. Mykje allsong og glede og maten måtte ein vete med å servera då det var høg allsong faktor!

Kristian og gjengen. Vindafjord kommune

Kva seier ikkje det om livsglede, samhald, sosial kontakt? Tusen takk for alle som har stilt opp i år også. Takk til alle avdelingane og dagsenter som har vore med å pynta med stetteglas og bretta serviettar og pynta med nydelege haustblomar.