Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn

Manntalet er frå den 12. juli 2021 lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget, Vindafjord rådhus. Manntalet vil vera tilgjengeleg for offentleg ettersyn til og med valdagen måndag 13. september 2021.

Du kan undersøka om du står oppført i manntalet ved å ringa servicetorget på telefon 53 65 65 65 eller ved å møta opp personleg.

For å avgi stemme ved stortingsvalet må du vera registrert i manntalet. Manntalet er ei oversikt over dei som har stemmerett. Alle personar med stemmerett vil automatisk bli innført i manntalet i den kommunen dei var registrert i folkeregisteret som busett per 30. juni 2021.

Klikk for stort bilete