Malin Therese trivst som lærar ved Ølen skule: – Eg får 28 god morgon-smil kvar dag

Kvar morgon blir Malin Therese Tufte Øye møtt av 28 god morgon-smil på Ølen skule. Det er ein av mange grunnar til at ho meiner læraryrket er verdas finaste jobb. 

Det er lett å forstå at Malin Therese trivst i skulen. Ho snakkar om elevar, kollegaer og undervisning med både varme og engasjement – og når ho skal beskriva kvifor ho likar jobben så godt, kjem svaret raskt: 

– Eg er så heldig, for kvar dag får eg 28 god morgon-smil i retur. 

Malin Therese er frå Ølen, men bur i dag i Haugesund saman med sambuaren sin og to kattar.  

I fjor kjøpte dei hus, men arbeidsdagen hennar startar framleis med turen til Ølen skule, der ho har jobba i om lag åtte år etter at ho byrja som ringevikar i 2018. 

Det var likevel ikkje heilt denne vegen ho såg føre seg først. 

Malin ute i skulegarden ved Ølen skule - Klikk for stort bileteMalin ute i skulegarden ved Ølen skule Kristine Thorsen Eikeland

Skulle eigentleg bli sosialantropolog 

– Eg skulle eigentleg studera sosialantropologi, fordi eg er så oppteken av mennesket og korleis mennesket fungerer. 

Men så kom realiteten snikande. 

– Eg fann ut at det var ein ganske umogleg ting å få jobb innan, seier ho og ler. 

Løysinga vart læraryrket – og det viste seg å passa overraskande godt. 

– Eg fann jo ut at eg kunne forska like mykje på folk i skulen som eg kunne gjort som sosialantropolog. 

Det er sagt med glimt i auga, men det ligg også noko djupare bak. For Malin Therese er oppriktig fascinert av menneske, relasjonar og det som skjer når nokon blir sett, forstått og får tru på seg sjølve. 

Ei lita familiebedrift 

At det vart skulen, er heller ikkje heilt tilfeldig. Både mormora og mora hennar har jobba i skuleverket.  

Mora tok lærarutdanning i vaksen alder, og på eit tidspunkt sat mor og dotter faktisk side om side som studentar. Dei studerte saman og skreiv bachelor i lag. 

– Mamma heldt meg i nakkeskinnet, seier Malin Therese, og ler. 

Ho har ADHD, og fortel ope om korleis det tidvis har vore krevjande både å halda fokus og å komma seg gjennom studieløpet. 

– Det var både kjekt og utfordrande å studera saman med mamma. Men me blei kjende med kvarandre på ein heilt annan måte. 

I dag jobbar dei på same skule. Og som om ikkje det var nok, er også broren hennar på veg inn i læraryrket, med praksis ved Ølen skule. 

– Det har jo snart blitt ei familiebedrift, seier ho. 

Lærarane som såg henne 

Malin Therese fortel at skuletida hennar ikkje alltid var enkel. 

Før ho fekk ADHD-diagnosen, kunne mykje kjennast tungt og vanskeleg. Men på ungdomsskulen møtte ho to lærarar som gjorde ein stor skilnad. 

– Dei såg meg. Dei tok seg tid, snakka med meg, var medmenneske og møtte meg på likt nivå. 

Dei fann også noko heilt konkret å møtast i: musikken. 

– Me hadde same musikksmak, og det blei ein fellesnevnar. Då skjønte eg etter kvart at sjølv om ting er vanskeleg, så kjem det til å gå bra. 

Kanskje er det nettopp derfor ho sjølv er så oppteken av å vera den læraren som ser. Den eine vaksne som gjer ein forskjell. 

– Det å få vera den personen for ein elev, det betyr mykje. 

Malin inne i klasserommet ved Ølen skule - Klikk for stort bileteMalin lager ofte kreative undervisningsopplegg inne i klasserommet. Kristine Thorsen Eikeland

Vart litt for engasjerte

Musikk betyr framleis mykje for henne. Særleg rocken ligg hjartet nær, men på pendlarvegen mellom Haugesund og Ølen kan det gå i alt frå tungmetall på dei meir krevande dagane til techno når ho treng energi. 

– Eg brukar bilturen til å tenkja, grubbla, avreagera og høyra på musikk. 

Den same kreative og kjenslevare sida tek ho med seg inn i klasserommet. 

Malin Therese skildrar seg sjølv som empatisk, og som ein lærar som likar å finna alternative vegar inn i stoffet. Ho vil at elevane skal få læra med heile seg. 

Då klassen jobba med svartedauden, gjorde ho like godt temaet om til eit rollespel inspirert av Dungeons and Dragons. 

– Dei blei så engasjerte at dei kanskje faktisk blei litt for engasjerte, seier ho og ler. 

Den franske revolusjonen har blitt til levande tidslinje og skodespel. Bokprosjekt har fått kreative utvidingar. For Malin handlar det om å få læringa inn i kroppen. 

– Me må bruka alle sansane når me lærer. Då skjer det noko. 

Ein jobb som er meir enn ein jobb 

Og det er nettopp i desse augneblikka ho kjenner kvifor ho er lærar. 

– Eg blir så glad når eg ser at ein elev forstår noko, eller knekkjer ein kode. 

Akkurat no underviser ho 6. trinn, og ho snakkar om elevane med stor varme. 

– Dei er glade for å sjå meg, nesten uansett dagsform. Det er ein heilt unik jobb å ha. 

Ho legg ikkje skjul på at læraryrket også er eit stort ansvar. 

– Eg tek ikkje lett på det. Men det er så givande. Me kan le saman, gjera noko praktisk og aktivt saman. Det er mest som ein livsstil. 

Veit korleis det er 

ADHD-diagnosen ser ho i dag også som ein styrke i jobben. Ho er open om det med elevane, og opplever at det skaper gjenkjenning og tillit. 

– Dei kan seia: «Hæ, har du det?» Og då seier eg at ja, eg veit faktisk korleis det kjennest når det kriblar i kroppen, og kor vanskeleg det kan vera å halda fokus. 

Det har ført til mange gode samtalar i klasserommet, fortel ho. 

Norsk er faget som ligg hjartet hennar nærast. 

– Eg er nok ikkje så glad i fag der det berre finst eitt svar, slik som matte. Norsk er noko eg verkeleg brenn for. 

Malin ute i skulegarden ved Ølen skule - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Årets mammadalt 

Også utanfor klasserommet er det mykje som fyller livet hennar. Ho likar å gå på tur, dra på konsertar, strikka, ta bilete, teikna, måla og laga bøker. 

– Eg har litt for mange hobbyar, seier ho og ler. 

Og så er det mamma, då. Dei køyrer ofte saman til jobb, og tek gjerne ein liten debrief i bilen. 

Malin Therese omtalar seg sjølv, med latter i stemmen, som «årets mammadalt» – ein tittel ho faktisk vart kåra til då ho gjekk på påbygg. 

– Eg ser på det som eit stort kompliment! 

Eit arbeidsmiljø ho kjenner seg møtt i 

Når ho snakkar om arbeidsplassen sin, er det heller ikkje berre familien som får ros. 

– Kollegaene her er veldig kjekke. Dei er veldig på tilbodssida, og me er ulike personlegdomar. Me spelar på kvarandre sine styrkar og lener oss på kvarandre på ein god måte. Eg kjenner meg møtt her.

Det er kanskje nettopp det som går att i heile historia hennar: kor viktig det er å bli møtt. 

For Malin Therese er skulen meir enn ein arbeidsplass. Det er ein stad der ho får bruka både kreativiteten, empatien, humoren og erfaringane sine – og der ho kvar morgon blir minna på kvifor ho valde akkurat dette livet.