Lyst på ein spanande jobb i Vindafjord symjehall?

Den nye Vindafjordhallen skal stå ferdig før sommaren og vi søkjer no etter både badevakter og reinhaldarar, som skal bli ein del av teamet knytt til symjehallen. 

Illustrasjon: HLM arkitekter

Dei blir ein del av et topp moderne anlegg som skal leggje til rette for symjetrening og folkehelse for heile Vindafjord. Vi har behov for både mindre og større stillingar og me ser også føre oss å kombinere stilling som badevakt og reinhaldar dersom ein ynskjer det.

Om  du har lyst til å bidra til å byggje opp ein viktig samfunnsfunksjon og samlingsplass i Vindafjord, så er det berre å søke: 

Søk badevaktstilling ved Vindafjord symjehall her

Søk reinhaldstilling ved Vindafjord symjehall her