Lørdag 16. mars er nasjonal vårryddedag

Då er det på tide å rydde strendene og naturen for søppel og plast som har samla seg opp gjennom vinteren, og få reinska opp fjøra før hekkeperioden til fugl byrjar.

Bilete er henta frå https://holdnorgerent.no/nasjonale-ryddedugnader/varryddedagen

På laurdag 16. mars er det nasjonal vårryddedag. Kommunen oppmodar innbyggjarar og hytteeigarar om å gå i lag for å lage trivelege og sosiale strandryddearrangement (ein kan også rydde langs ferskvatn, i skog og andre stader i naturen) rundt om i kommunen på laurdag 16. mars. Opprett arrangement, inviter naboar og venner, rydd strandsona og ta med ein grill (helst ikkje ein eingongsgrill) for ein hyggeleg og sosial avslutning på arrangementet😊

Ved å opprette ein ryddeaksjon på https://ryddenorge.no/ (ein må opprette ein brukar) får ein tildelt ein aksjonskode. Denne er viktig for å kunne få levert avfallet gratis til HIM. Etter å ha oppretta eit arrangement/ryddeaksjon på https://ryddenorge.no/ kan ein og hente ryddeutstyr (søppelsekkar og hanskar) på gjenvinningsstasjonar til HIM. Sjå meir info på HIM sine nettsider: https://him.as/2024/02/varryddedagen-2024/. Vindafjord kommune har og ein heil del søppelsekkar som kan hentast gratis på Teknisk bygg i Sandeid. 

For meir informasjon om vårryddedagen, sjå nettsidene til Hold Norge rent: https://holdnorgerent.no/nasjonale-ryddedugnader/varryddedagen, eller ta kontakt med rådgjevar for klima, miljø og landbruk, Gaute Widerøe Hennig.

Saman kan me gjere vakre Vindafjord endå meir vakkert, både for menneske- og dyreliv.