Liva studerer vernepleie tredje året på deltid i Bergen, bur i Etne og jobbar på Solbakken bufellesskap i Ølen.
Der har ho jobba i to år – og der vil ho gjerne halda fram.
Privat
— Eg er glad i folk, og likar å jobba med menneske. Det gir meg mykje glede å gjera andre glade og bidra til gode dagar, seier ho.
På Solbakken har Liva har funne ein arbeidsplass der ho kjenner seg trygg og sett.
— Eg blei teken inn med ein gong. Det er eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, og det er alltid hjelp å få. Eg trivst skikkeleg godt, fortel ho.
Ho fortel om kjekke bebuarar, gode kollegaer og varierte dagar.
— Eg gler meg alltid til å koma på jobb. Me fer ofte på turar og har mange kjekke aktivitetar saman.
Lettare å planlegga
Gjennom studentavtalen jobbar Liva fast kvar fjerde helg og fem veker om sommaren. I tillegg får ho utbetalt ekstra stipend, pluss lønn i august og desember.
— Det er ei veldig god ordning. Ein fast struktur, dei same folka, og alt er trygt og forutsigbart. Det gjer studietida mykje enklare, seier ho.
For Liva betyr avtalen at det er lettare å planlegga praksis, undervisning og fritid. Ho veit alltid kva ho går til.
Vil anbefala det til andre
Liva håpar fleire får augene opp for helse- og omsorgsfag.
— Det er veldig relevante fag med mange moglegheiter. Eg vil absolutt anbefala studentavtalen i Vindafjord. Det er eit opplegg som tek studentar på alvor, seier ho.
Ein av dei beste ordningane
Vindafjord kommune tilbyr ei av dei beste stipendordningane i distriktet for helse- og sosialfaglege høgskulestudentar.
Ordninga gir:
✅ Stipend
✅ Fast jobb gjennom studieåret
✅ Moglegheit for ekstravakter
✅ Ulike ordningar for helgevakter
✅ Fem vekers sommarjobb i hovudferien
✅ Eit lærerikt og utviklande arbeidsmiljø
✅ Arbeidsavtale for eitt studieår av gongen
I tillegg til jobb og studiar likar Liva å trena, dra på tur, reisa og vera med familie og vener.
— Eg føler meg heldig. Eg får studera det eg brenn for, og eg har ein jobb eg trivst i. Det betyr mykje, seier ho.