Tilsette ved Etne og Vindafjord interkommunale legevakt får gode tilbakemeldingar frå pasientane i den nasjonale undersøkinga.
Kristine Thorsen Eikeland
Det er ofte i dei mest sårbare situasjonane me møter legevakta. Ei eldre kvinne som plutseleg blir dårleg om kvelden, ein idrettsskade under trening, eller ei uro som ikkje kan vente til fastlegekontoret opnar neste dag. Då betyr det mykje å bli møtt av helsepersonell som lyttar, forklarer og skaper tryggleik.
Nettopp dette er noko pasientane ved Etne og Vindafjord interkommunale legevakt trekkjer fram i den nasjonale undersøkinga om pasienterfaringar med kommunale legevakter i 2025. Resultata viser at legevakta kjem godt ut samanlikna med både fylkes- og landsgjennomsnittet, særleg når det gjeld møtet med helsepersonellet.
Ros til legar og sjukepleiarar
I undersøkinga frå Helsedirektoratet blir pasientane bedne om å vurdere korleis dei opplev tenestene ved kommunale legevakter over heile landet.
Helsedirektoratet
Pasientane ved Etne og Vindafjord interkommunale legevakt er særleg nøgde med møtet med helsepersonellet og vurderer både legar og sjukepleiarar høgare enn landsgjennomsnittet.
Bak tala står menneske
Bak kvart svar står det ein pasient som har teke kontakt fordi noko ikkje var som det skulle vere. Ein telefon som blei besvart. Ei hand som blei halde. Ei fagleg vurdering som skapte ro i ein usikker situasjon.
Når pasientane gir gode tilbakemeldingar, er det derfor også ei anerkjenning av innsatsen som blir lagd ned av legar, sjukepleiarar og anna personell ved legevakta – og av dei dyktige medarbeidarane ved Haugesund legevakt som tek imot telefonane. Saman bidreg dei til trygg og god hjelp gjennom heile døgnet, året rundt.
Det gler meg stort at brukarundersøkinga viser at me kombinerer høg fagleg kompetanse med ekte omsorg – akkurat det me strebar etter kvar dag, seier Linda Giersch, avdelingsleiar.
Resultat å vera stolte av
Legevakta skal vere der når innbyggjarane treng hjelp raskt. Undersøkinga frå Helsedirektoratet tyder på at pasientane opplev at dei blir møtte med kompetanse, omsorg og respekt når dei tek kontakt med Etne og Vindafjord interkommunale legevakt.
Det er resultat som både medarbeidarar, eigarkommunar og innbyggjarar kan vere stolte av.
Vil du bli ein del av laget?
Etne og Vindafjord interkommunale legevakt har for tida ei ledig stilling. Les meir om stillinga og korleis du søkjer her: Vindafjord kommune Helse - Sjukepleiar på legevakt
Du kan lesa meir om den nasjonale undersøkinga på Helsedirektoratet sine nettsider: