Lærling frå Vindafjord kommune nominert til «Årets lærling»: – Marie ser alle

Når NæringsGIV 2026 går av stabelen på Olalia 28. mai, er Marie Brænden – lærling i Vindafjord kommune – ein av tre nominerte til «Årets lærling». Ho blir trekt fram som ein lærling som verkeleg set spor etter seg.

Leiar i Fikse Næringsforening, Stian Magelssen, ser fram til arrangementet:

– Det er alltid kjekt med NæringsGIV. Me samlar lokale bedrifter til fagleg påfyll, mingling og god stemning.

Han meiner det er ekstra viktig å løfta fram lærlingane:

– Det er hyggeleg å gjera stas på lærlingane og bedriftane som satsar på lærlingar. Me må heie på dei me har. Mange unge i regionen skin verkeleg, og fortener å bli løfta fram.

I år er det tre sterke kandidatar:

– Det er tre veldig verdige nominerte. Det å bli nominert er eit godt stempel – det viser at arbeidsgivarane har tru på dei. Eg gler meg til utdelinga.

Marie Brænden utanfor Gnisten - Klikk for stort bileteMarie Brænden utanfor Gnisten. Kristine Thorsen Eikeland

Ein lærling som ser alle

Marie er lærling i helse- og omsorgstenesta i Vindafjord kommune. Ho har vore innom fleire arbeidsplassar i læretida, mellom anna Gnisten, og er no ved Vindafjordtunet.

Det var leiar på Gnisten, Birte Dyngeland, som nominerte henne.

– Marie ser alle. Ho møter både brukarar og kollegaer med respekt, uansett alder og behov, seier Dyngeland.

Ho trekkjer fram både det faglege og det menneskelege:

– Ho er flink til å observera og ta tak i ting. Samstundes skaper ho eit godt miljø rundt seg. Ho har ei utstråling som smittar – eit smil og ein latter som betyr mykje i kvardagen.

På Gnisten blei ho raskt godt likt av både brukarar og kollegaer.

Ifølgje Dyngeland er det evna til å sjå kvar enkelt som gjer Marie spesiell:

– Ho får folk til å kjenna seg sett og unike. Det er ein eigenskap som set spor etter seg.

– Kjempekjekt å bli nominert

Marie sjølv set stor pris på nominasjonen:

– Det er kjempekjekt å bli nominert til «Årets lærling». Det er veldig koseleg.

Ho trivst godt i læretida og legg vekt på relasjonane i arbeidet:

– Eg prøver å sjå kvar enkelt og vera ein humørspreiar. Eg er meg sjølv, og prøver å møta folk på ein god og profesjonell måte.

Ho har eitt år igjen av læretida og trivst godt i kommunen:

– Eg likar meg veldig godt. Det er kjekt å få prøva ulike arbeidsplassar, og eg lærer mykje.

Heime er støtta stor:

– Familien er stolte. Det utruleg kjekt.

Marie Brænden inne på Gnisten - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Lærerikt og meiningsfullt

For Marie var det naturleg å velja eit yrke der ho kunne jobba med menneske.

– Eg hadde lyst til å hjelpa folk, og lærlingløpet gir både lønn og praktisk erfaring. Ein utviklar seg mykje, spesielt når det gjeld kommunikasjon og tålmod.

Ho trekkjer òg fram variasjonen som ein styrke:

– Ein får sjå ulike arbeidsplassar og lære mykje forskjellig. Det gjer det både kjekt og lærerikt.

Gler seg til utdelinga

Næringsgiv 2026 blir arrangert på Olalia 28. mai, med foredrag, mingling og utdeling av prisar som «Årets bedrift», «Nykomar» og «Årets lærling».

– Det pleier å vera god stemning. Me har mange gode bedrifter i Vindafjord, seier Magelssen.

For Marie handlar det først og fremst om å få vera med:

– Eg synest det er veldig kjekt å bli nominert. Så får me berre sjå korleis det går.

Uansett utfall er det liten tvil om inntrykket ho har etterlate:

– Ho gjer ein stor skilnad, avsluttar Dyngeland.