Laget rundt barn og unge

Leiarar og koordinatorar, som jobbar med barn og unge, var denne veka invitert til eit arbeidsseminar på Stord hotell. Målet var å få på plass ein handlingsplan for vidare forankring av det tverrfaglege arbeidet.

Leiarar og koordinatorar med ansvar barn og unge møttes til arbeidsseminar på Stord denne veka. Fv: Nils Erik Eide, Inger Kathrine Sundve, Trine Sørensen, Miriam Aareskjold, Turid Askeland, Åshild Håvås, Svein Carlos N. Gjil, Ane Kesia Fatland, Liv Ingunn H. Medhaug, Maren T. Hustoft, Nina D. Haslemo, Kristine H. Strand og Sigurd Gjerdevik. Svein Carlos N. Gjil

Styringsgruppa, som er kommunalsjef for helse og omsorg Sigurd Gjerdevik og kommunalsjef for oppvekst Nils Erik Eide, planla og inviterte til dette arbeidsseminaret for laget rundt barn og unge.

Styringsgruppa for barn og unge Nils Erik Eide og Sigurd Gjerdevik var nøgde med gjennomføringa av seminaret. Svein Carlos N. Gjil

Tidlegare i år vart det utarbeida ein rettleiar av Arbeids- og velferdsdirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Helsedirektoratet, Samarbeid om tenester til barn og unge og deira familiar. Her er det lovfesta krav til samhandling som betyr at kommunen har eit ansvar å sørge for at den enkelte tenestemottakar får eit samordna tenestetilbod. Samordningsplikta gjeld når tenestane har plikt til å samarbeide på individnivå. Samordningsplikta skal sørgja for at ei kommunal teneste får hovudansvaret for samordninga av tenestane.  Det er kommunen, ikkje den enkelte kommunale teneste som har ei samordningsplikt. 

Det var eit konstruktivt seminar der mykje godt arbeid blei lagt ned. Fleire av deltakarane fekk i oppdrag å presentere utfordringar og moglegheitar frå sin ståstad. Dette skapte gode diskusjonar og idear for det vidare arbeidet, som oppvekstkoordinator Inger Kathrine Sundve kjem til å drive fram på vegne av styringsgruppa.

Engasjerte og konstruktive deltakarar på LRBU seminaret på Stord hotell. Nils Erik Eide

 

Desse deltok på seminaret:

  • Svein Carlos Nilsen Gjil, barnehage - og skulesjef
  • Maren Tjelmeland Hustoft, einingsleiar helse
  • Turid Askeland, einingsleiar barnevern
  • Liv Ingunn Heie Medhaug, PPT leiar
  • Åshild Håvås, einingsleiar tilrettelagde tenestar
  • Nina Drivarbekk Haslemo, konsulent for tilrettelagte tenester
  • Kristine Haraldseid Strand, politikontakt
  • Ane Kesia Eide Fatland, einingsleiar kultur og læring
  • Trine Sørensen, leiar tenestekontoret
  • Miriam Aareskjold, teamleiar integrering, NAV
  • Inger Kathrine Sundve, oppvekstkoordinator/logoped
  • Sigurd Gjerdevik, kommunalsjef helse og omsorg
  • Nils Erik Eide, kommunalsjef oppvekst

BTI i Vindafjord kommune

Oppvekstreforma i Vindafjord kommune