Kva er nytt på demensfeltet og kor er me nå?

Velkommen til ope temamøte måndag 26. mai klokka 18.00 i Sjøperlo Hall, Ølen

Anne Rita Øksengård er spesialist i geriatri og har siden 2014 vore forskningssjef i Nasjonalforeningen for folkehelsen. Ho har omfattande klinisk erfaring frå både Norge og Sverige og har jobba med demensforskning sidan sine studiedagar.

Øksengård brenn for demensforskningsfeltet og sitt inne med enorm kunnskap på området, som ho er flink til å dele. Ho har ei sterk interesse for brukarmedvirkning i forskning og har deltatt aktivt i samtalar om korleis personar med kognitiv svikt kan mestre kvardagen.

Velkommen skal du være. Gratis inngang og kaffe/te og twist i pausen. Arrangør er Vindafjord demensforening.

Bilde av ei dama - Klikk for stort bileteAnne Rita Øksengård Berit Hetland