Kontrakten er signert for Skjold brannstasjon: – Me gler oss

Vindafjord kommune har signert kontrakt med Engelsen Entreprenør AS om bygging av ny brannstasjon i Skjold.

Kontraktssignering for Skjold brannstasjon. - Klikk for stort bileteKontraktssignering for Skjold brannstasjon. Kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune, Halfdan Krohn-Brekke (til høgre) og dagleg leiar Andre Engelsen Milje frå Engelsen entreprenør. Beate Tandrevold

Med ein kontraktsverdi på 23,3 millionar kroner ekskl. mva. skal entreprenøren stå for heile prosessen – frå riving til ferdig bygg.

Komplett bygg frå A til Å

Engelsen Entreprenør skal levere eit nøkkelferdig bygg, og arbeidet startar med riving av eksisterande bygg i slutten av oktober. Deretter går prosjektet vidare med grunnarbeid og oppføring av ny stasjon. 

Ferdigstilling er planlagt til september 2026.

– Det er kjekt å få følgje dette prosjektet frå start til slutt. Me hadde fem tilbydarar, og etter forhandlingar sat Engelsen Entreprenør frå Stord igjen med det beste tilbodet. Eg ser fram til samarbeidet, seier Frode Eike, kommunal prosjektleiar.

Kontraktssignering for Skjold brannstasjon - Klikk for stort bilete Beate Tandrevold

 

Moderne og praktisk løysing

Den nye stasjonen får ei sentral plassering ved Solheimskrysset i Skjold – godt tilrettelagt for rask utrykning.

Bygget vil innehalde vognhall, vaskehall, garderobar, mannskapsrom og treningsfasilitetar, og er utforma med fokus på funksjonalitet og tryggleik.

Teikning av brannstasjonen - Klikk for stort bileteStasjonen er designet av Omega 365 Areal. Omega365 Areal

– Dette er eit viktig prosjekt for kommunen og for beredskapen i området. Lokasjonen er svært sentral og god. Me gler oss til Haugaland Brann og Redning kan flytte inn i moderne og praktiske lokale. Dette kjem til å bli veldig bra, seier Eike.

Kontraktssignering for Skjold brannstasjon - Klikk for stort bilete Beate Tandrevold Kontraktssignering for Skjold brannstasjon - Klikk for stort bileteFrå venstre: Atle Mjånes, prosjektleiar for Engelsen Entreprenør, dagleg leiar Andre Engelsen Milje, kommunalsjef for samfunnsutvikling, Halfdan Krohn-Brekke og kommunal prosjektleiar Frode Eike. Beate Tandrevold