Kong Harald V 1937 – 2026: Vindafjord kommune kondolerer

Vindafjord kommune har motteke den triste meldinga om bortgangen til Hans Majestet Kong Harald V. Kondolanseprotokollen vil vera tilgjengeleg på rådhuset, og fleire kyrkjer opnar dørene.

Kong Harald vart Noregs konge i 1991 og har gjennom meir enn tre tiår vore eit samlande symbol for Noreg og det norske folket.

Gjennom eit langt liv i landet si teneste har han vist eit sterkt engasjement for fellesskap, demokrati og dei verdiane det norske samfunnet er bygd på.

Det Norske Kongehus

Mange i Vindafjord vil minnast besøket til kongeparet i kommunen 30. mai 2024. Besøket samla store delar av kommunen og gav mange høve til å møta kongeparet.

– Kong Harald har gjennom ei årrekkje vore samlande for landet vårt. Då Kongeparet gjesta Vindafjord i 2024, fekk me oppleva den varme og interessa Kong Harald viste menneske over heile landet. Det besøket vil mange i Vindafjord minnast med stor glede, seier ordførar Ole Johan Vierdal. 

– På vegner av kommunen vil eg uttrykkja vår djupaste medkjensle med kongefamilien i ei tung stund.

Kongeparet besøkte Vindafjord kommune 30.05.24. APPEX APPEX

Kondolanseprotokoll

Innbyggjarar som ønskjer å skriva ei helsing eller leggja att ei kondolanse, kan gjera dette i kommunen si kondolanseprotokoll.

Kondolanseprotokollen vil vera open ved Vindafjord rådhus i Ølen fredag 28. august frå klokka 12.00 til 19.00.

Deretter vil kondolanseprotokollen vera tilgjengeleg på rådhuset i ordinær opningstid fram til 6. september.

Våre tankar går til kongefamilien og alle som no sørgjer over tapet av kongen.

Vindafjord kommune vil flagge på halvstang fram til gravferda.

Du kan signera en elektronisk kondolanseprotokoll på 

www.kongehuset.no

Ordførar Ole Johan Vierdal signerte kondolanseprotokollen på rådhuset.  - Klikk for stort bileteOrdførar Ole Johan Vierdal signerte kondolanseprotokollen på rådhuset. Marianne Log Rødde

Opne kyrkjer

Skjold kyrkje vil vera open i dagane fram til gravferda, for stillhet, lystenning, kondolanseprotokoll og teiknebord. 

Fredag 28.august kl. 12.00-20.00
Laurdag 29.august kl. 10.00-12.00 og 18.00-20.00
Sundag 30.august kl. 18.00-20.00
Måndag 31.august - sundag 6.september kl. 10.00-12.00 og 18.00-20.00

Ølen kyrkje vil vera open fredag 28.august frå kl. 15.00.