Kommunestyret og sentraladministrasjonen har vore på busstur rundt i kommunen i samband med pågåande kommuneplanarbeid.
Kommunestyret får her god info om Bjoa bygda til kommuneplanarbeidet
Nils Erik Eide
Det var nydelig vær og ein fekk vist fram kommunen frå si flotteste side på denne turen. Kommunedirektøren og hans stab har lagt opp til ei konstruktiv og stram reiserute. Sjå bilder frå turen nedst i artikkelen.
Plan for dagen
Avreise frå Ølen klokka 08.00, ordførar ønsker velkommen. Administrasjonen seier litt om føremålet med turen på veg til Fikse.
Ølen
- Plassering av næring (ØNP eller Fikse?)
- Plassering av bustadar
- Fikse
- Definisjon av sentrum i Ølen
- Informasjon i bussen til Fikse + stopp på Dørheim
- Stopp ved skulen og orientering om bygg
Ølensvåg
- Stopp ved "dammane"
- Problemstilling - næring i sjø/næring i Ølensvåg
Bjoa
- Stopp ved Bjoa skule
- Sentrum plassert ved Bjoa skule
- Plassering av bustad og næring - "trekant apalvik"
- Korleis få til bulyst i dei små bygdene?
- Spredt bebyggelse
- Køyre nedom tømmerkaien
Vikebygd
- Endring av kvar det er ønska bustadsutvikling
- Stopp ved kyrkja
- Kort tur innom Dommersnes
- Kort sving innom Trovåg
- Omtale av problemstillingar med Toraneset + Haraldseidvågen
Isvik/Skjold
- Stopp ved Karineset - pumpestasjon
- Stopp ved Trimeriet
- Sentrum/Næring - problemstilling - holde på konklusjonen frå sist
- Skjold skule mm
- Strandsoneproblematikk
Vats
- Kvar "satse"/Kvar skal "tyngdepunktet" liggje?
- Knapphus - busstoppet
- Kårhus
- Bustad
- Skule/barnehage/Vindafjordhall/Arken - offentlige funksjonar
- Åmsosen
Sandeid
- Bustad
- Stopp i svingane før Sandeid
- Litt om tilhøvet mellom landbruk og bustad
Vikedal
- Bustad og næring
- Vikedal si "rolle" - kva funksjonar skal den ha?
- Stopp ved båthavna
Imsland
- Stopp ved bygdahuset
- Bustad og næring
- Fortelle om det som skjer "innover i kommunen"
Retur
- Litt om prosessen framover
Ankomst Ølen klokka 1600
Bilde frå rundreisa
Sist endra 30.08.2022 13.14