Kommuneoverlegen si oppsummering veke 14

Denne veka har me auka vaksinasjonstakten. Totalt er det sett nesten 1.500 dosar, der om lag ein tredjedel er fullvaksinert og to tredjedelar har fått sin første dose.

Kommuneoverlege Terje Kleiven - Klikk for stort bileteOppfordringa om å testa seg ved sjølv milde symptom gjeld framleis, skriv kommuneoverlege Terje Kleiven. Ellen Marie Hagevik

I tillegg har 280 personar fått AstraZeneca.-vaksine. Det er framleis uklart om det vert råda til å ta andre dose. Dette vert avklara i løpet av denne månaden.

Kommunen er førespegla opp mot 300 mye dosar av Pfizer-vaksine dei neste to vekene. Slik sett aukar vaksinasjonstakten samanlikna med mars månad. Denne veka er me godt i gang med 70-åringane, i tillegg fleire i risikogruppene.

Test deg sjølv ved milde symptom

Me testar om lag 30 personar kvar dag denne veka. Oppfordringa om å testa seg ved sjølv milde symptom gjeld framleis. Det er ekstra viktig at ein ikkje går på jobb eller skule med symptom.

I skrivande stund er der få eller ingen i karantene i kommunen vår. Ingen er i isolasjon. Nokre få er i ventekarantene.

Frå måndag 12. april gjeld nasjonale råd. Tiltaksnivå 5a i forskrift vert avslutta. Eg viser til denne linken for kva tiltak som er anbefalt: Oversikt over nasjonale tiltak

Eit naudsynt tiltak

Det strenge tiltaksnivået har vore krevande for lokalt næringsliv, skular og folk flest. Det at me no kan opna opp att såpass raskt, viser at det har vore eit naudsynt tiltak som har hatt effekt både i vår kommune og på resten av Haugalandet.

Eg tenker alle håpar at me gradvis kan opna opp att slik regjeringen signaliserer i tiltaksplanen sin. Førebels ser det lyst ut i så måte.

Terje Kleiven
kommuneoverlege