Kommuneoverlegen oppdaterer om smittesituasjonen

Det er framleis mykje koronasmitte i samfunnet. Les Terje Kleiven si oppdatering om smitte- og vaksinesituasjonen.

Ellen Marie Hagevik

Sommaren er på hell og der er framleis ein god del smitte med omikronvarianten av coronaviruset. Dette er som forventa. Det fleste får kun lette symptom frå luftvegane eller mage-tarm, og søker ikkje lege ved smitte. Mange har nok og gjennomgått smitte utan å vere klar over kva virus dei har vore smitta med.

Hausten er ei tid med høgare smittepress av alle typar virus og bakteriar. Dette, i tillegg til at me har hatt lite smitte av andre infeksjonar dei siste to åra, gjer nok at fleire kan få sterkare plager sjølv ved dei vanlege luftvegsvirusa.

I tida som kjem gjeld desse råda ved smitte (både med omikron- og andre virus/bakterie-infeksjonar):

  • Har du berre lette symptom og kjenner deg i fin form kan du gå på jobb/ skule og barnehage.  God hoste- og handhygiene er viktig. Avgrens eller unngå besøk til personar i risikogrupper og nyfødde medan du har symptom, viss mogleg.
  • Hald deg og born heime om ein ikkje kjenner seg i form og har sterkare plager som set ned allmentilstanden din. Dette gjeld og born i skule og barnehage. Ein snakkar her til dømes som symptom som  feber, hoste, sår hals, tap av lukte- og smakssans, snørr, hovudpine, diare, eller sterke magesmerter.
  • Kontakt lege ved langvarige symptom, forværring av tilstanden. Ein bør ha lågare terskel for å kontakte lege jo mindre borna er.
  • Ein kan gå på jobb, skule eller barnehage med milde restsymptom som til dømes snørr (uansett farge og tjukn), hås stemme og/eller noko hoste er greit.

Vaksinering

Kommunen er godt i gang med vaksinering mot omikronsmitte. Me har vaksinert personar over 65 år sidan 1. juli. Responsen har vore god. Me har og fått ny forsterka vaksine mot ny omikron variant,  og me føl Fhi sine retningsliner om 4. dose.  29. september vil vere vaksinasjonsdag for dei over 65 år som enda ikkje har fått vaksinen. Dei som alt har fått vanleg Pfizer-vaksine er godt beskytta mot alvorleg sykdom.

Kommunen planlegg vaksinering mot sesonginfluensa frå veke 42. Dag og tid vert annonsert på kommunen sine nettsider. Vaksineringa vil skje ved Ølen Kulturhus.

 

Terje Kleiven

Kommuneoverlege.