Kommunen har vurdert søknad om Montessoriskule

Vindafjord kommune har ferdigstilt si uttale til politisk behandling i samband med søknaden frå Vindafjord Montessoriskule AS om å starte ein privat grunnskule på Bjoa. 

Det er gjort ei grundig vurdering av korleis eit slikt tilbod kan påverke både skulestrukturen og ressursbruken.

Kommunen ser positivt på initiativet og meiner at eit alternativt skuletilbod kan vere eit verdifullt supplement for enkelte elevar og familiar, men ser at konsekvensane for den offentlege skulen vert stor.

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen trekkjer fram innsatsen frå gruppa bak søknaden og deira engasjement for bygda.

– Me ser positivt på engasjementet og initiativet kring eit alternativt skuletilbod, men me må òg ta ansvar for heilskapen i det offentlege tilbodet. Vår vurdering er at etableringa av ein Montessoriskule på Bjoa mest truleg vil svekkje det offentlege skuletilbodet i Vindafjord, både økonomisk og fagleg, seier kommunedirektøren.

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen står utanfor rådhuset i Ølen.  - Klikk for stort bileteYngve Folven Bergesen understrekar behovet for eit samla og berekraftig skuletilbod. Ellen Marie Hagevik

Vurdering av konsekvensar

Kommunedirektøren understrekar at nye tilbod må vurderast i lys av behovet for eit samla, berekraftig og inkluderande skuletilbod.

Det er lagt vekt på faktorar som skulestruktur, økonomi, rekruttering og kapasitet.

– Me må sjå heilskapen i skuletilbodet vårt. Når elevgrunnlaget blir fragmentert, blir det vanskelegare å oppretthalde kvalitet og stabilitet, seier kommunedirektøren.

Vindafjord har dei siste åra tilpassa skulestrukturen til endringar i folketalet.

Med fallande elevtal er det vedteke å samle ressursane i større einingar. Bjoa skule og Imsland oppvekstsenter blir avvikla frå hausten 2025, og elevane skal overførast til nærliggande skular med god kapasitet.

– Me har eit ansvar for å sikre at det offentlege tilbodet er robust og tilgjengeleg for alle. Det krev at me prioriterer samla ressursbruk og langsiktig tenking, understrekar kommunedirektøren.

Vil få økonomiske følgjer

Dersom elevar flyttar frå offentlege til private skular, blir rammetilskotet frå staten redusert. 

For Vindafjord kan dette utgjere mellom 2,6 og 4 millionar kroner, avhengig av kor mange elevar som byter skule. Samtidig vil mange av kostnadene i det offentlege systemet bestå.

– Me må rekne med at ein del av innsparingane frå strukturendringar kan forsvinne dersom elevgrunnlaget flyttar til private tilbod, seier kommunedirektøren.

Fokus på samla fagmiljø og rekruttering

Kommunen har og fokus på å rekruttere kvalifiserte lærarar. Ved å samle elevane i større einingar, kan ein styrke fagmiljøa og bruke kompetansen meir effektivt.

– Me treng sterke fagmiljø for å rekruttere og halde på dyktige lærarar. Det krev at me samlar ressursane våre, ikkje spreier dei, seier kommunedirektøren.

Skulehelsetenesta er i dag tilpassa den eksisterande skulestrukturen. Ei utviding kan krevje nye løysingar for å sikre eit likeverdig tilbod. Når det gjeld skuleskyss, kan eit nytt tilbod på Bjoa gi auka kostnader, avhengig av kvar elevane bur.

Erfaringar frå andre kommunar

Vindafjord har henta inn erfaringar frå kommunar i liknande situasjonar. Desse viser at samarbeid mellom kommune og privatskule er viktig, men også krevjande.

– Det er viktig å vere budd på det, seier kommunedirektøren og legg til:

– Eit alternativt skuletilbod kan vere positivt for familiar som ønskjer ein annan pedagogisk retning. Samtidig er det viktig å sikre at det offentlege tilbodet held fram med å vere eit sterkt og inkluderande tilbod for alle. Valfridom er viktig og dette kan vere eit godt pedagogisk alternativ, men det må ikkje gå på kostnad av fellesskapet, seier kommunedirektøren.

Uttalen skal behandlast i Utvalet for oppvekst og omsorg (OPOM), Formannskapet, Ungdomsrådet og Kommunestyret.

KORT FORTALT

  • ·Vindafjord kommune har ferdigstilt si uttale til politisk behandling i samband med søknaden frå Vindafjord Montessoriskule AS om godkjenning etter privatskulelova.
  •  Søknaden gjeld etablering av ein privat Montessoriskule på Bjoa, med plass til inntil 50 elevar frå 1. til 10. trinn.
  • Det er kommunen si oppgåve å vurdere korleis ei slik etablering vil påverke den offentlege skulen, med omsyn til skulestruktur, økonomi og det samla opplæringstilbodet.
  • Kommunen står fritt til å gje ei positiv, negativ eller nøytral uttale, basert på fleire vurderingspunkt frå Utdanningsdirektoratet – som til dømes om etableringa kan føre til nedlegging av offentlege skular, svekke kommunen si evne til å prioritere ressursar, eller påverke valfridomen for elevar.
  • Det skal òg vurderast om kommunen har vore på ROBEK-lista, har planar om å leggje ned små skular for å styrkje kvaliteten, og om det allereie finst eit betydeleg innslag av private skuletilbod i kommunen.
  • Målet er å sikre eit berekraftig, inkluderande og framtidsretta skuletilbod for alle elevar i Vindafjord.
  • Kommunen ser initiativet som eit uttrykk for lokalt engasjement og ønskje om variasjon i skuletilbodet.
  • Kommunens vurdering er at etableringa av ein Montessoriskule på Bjoa mest truleg vil svekkje det offentlege skuletilbodet, både økonomisk og fagleg.
  • Uttalen skal behandlast i Utvalet for oppvekst og omsorg (OPOM), Formannskapet, Ungdomsrådet og Kommunestyret.