Kommunedirektørens budsjett og økonomiplan: Auka satsing på eldreomsorg 

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen har lagt fram sitt forslag til budsjett for 2026 og økonomiplan 2026–2029.  

Framlegget viser at Vindafjord står midt i ei nødvendig omstilling, der både økonomi, behov for rekruttering og demografi krev nye grep. 

– Me er midt i ein nødvendig prosess som har vore varsla dei siste budsjetta. Målet er å sikra vidare kontroll på økonomien og samstundes levera gode tenester til innbyggjarane, seier kommunedirektøren og legg til: 

– Ein må løfta blikket. Det handlar ikkje berre om dei næraste åra, men òg om å ta val som gjer Vindafjord rusta for 2035 og 2040.  

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen - Klikk for stort bileteKommunedirektør Yngve Folven Bergesen. Kristine Thorsen Eikeland

Demografien endrar seg 

Vindafjord opplever, som mange andre kommunar, store demografiske endringar.  

Talet på eldre aukar raskt, medan delen av befolkninga i yrkesaktiv alder går ned. 

Det betyr fleire som treng omsorg, og færre hender til å levera tenestene.

– Me risikerer å gå tom for folk før me går tom for pengar. Dette er ei av dei største utfordringane som me må ta på alvor, seier Bergesen.

Samstundes er utviklinga ein drivkraft til å tenkja nytt, modernisera tenestene og til å byggja meir berekraftige løysingar for framtida. 

Satsing på eldreomsorg 

For å møte behova i åra som kjem, planlegg kommunen den største enkeltinvesteringa i si historie: nytt eller ombygd omsorgssenter.  

Kostnaden er berekna til opp mot 800 millionar kroner, der kommunen sjølv må finansiera om lag 500 millionar. 

Målet er eit framtidsretta omsorgstilbod. 

– Det er ikkje noko reelt alternativ å ikkje gjera denne investeringa. Ho skal både gi oss meir kapasitet, betre arbeidsforhold for tilsette og moglegheiter til å løysa fleire oppgåver på ein god måte med færre ressursar, seier kommunedirektøren.  

– Framtidas største utfordring ligg i eldreomsorga. Difor satsar Vindafjord på dette feltet, ved å byggja kapasitet no. 

Minst like viktig er å leggja til rette for at fleire eldre kan bu heime lenger.

– Me må og leggja til rette for at fleire kan bu heime lenger, med gode og trygge tenester rundt seg. Då må me både satse på velferdsteknologi og på førebygging, seier Bergesen.

Rekruttering i sentrum 

Eit sentralt tema i budsjettet er tilgangen på arbeidskraft.  

Kommunestyret har vedteke ein eigen strategi, og i 2026 er det sett av midlar til lokale rekrutteringstiltak, vidareutdanning og kompetanseheving. 

Målet er at Vindafjord skal vera ein attraktiv arbeidsgivar, med sterke fagmiljø og stabil bemanning. 

– Arbeidskraft og økonomi er dei to hovudtema som har vore førande for dette budsjettarbeidet, understrekar Bergesen. 

Innsparing og tilpassing av tenestene 

Store investeringar innan omsorg må balanserast mot innsparing og tilpassing på andre område.  

Pleie og omsorg skal effektiviserast med minst 5 millionar kroner samanlikna med dagens budssjettal når nytt eller ombygd omsorgssenter står ferdig. 

Oppvekstsektoren må gje ein samla innsparing på 20 millionar kroner frå 2028, og dette må sannsynlegvis skje gjennom strukturendringar. 

Kommunestyret har tidlegare vedteke innsparingskrav på 2, 4 og 8 millionar kroner i åra 2026, 2027 og 2028. Framlegget dekkjer dei to første åra, men i 2028 står det att eit gap på rundt 4 millionar kroner. 

Dersom innsparingane ikkje blir oppnådd, må kommunen vurdera nye inntekter – som til dømes vindkraft. 

Ein open prosess 

Når budsjettet no er lagt fram, er det politikarane som tar over "stafettpinnen". Kommunestyret skal behandla budsjettframlegget i formannskap, råd og utval utover i november, før endeleg vedtak i desember.  

Innbyggjarane blir inviterte til å følgja prosessen og kome med innspel gjennom høyringsinnspel. 

Les heile framlegget her:

Budsjett 2026 økonomiplan 2026–2029

Følg sendinga på Kommune-tv: Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett 2026 og økonomiplan 2026-29, 28.10.25