Planen gjeld heile kommunen, inkludert sjøareala, og skal bidra til å ta vare på naturverdiane for noverande og komande generasjonar. Saka har vore oppe i ungdomsrådet 19. november og skal til behandling i formannskapet 08. desember.
Naturmangfald er definert som summen av biologisk mangfald, landskapsmangfald og geologisk mangfald. Ein kommunedelplan for naturmangfald vil kunne fungere som eit kunnskapsgrunnlag og verktøy i kommunen sitt arbeid for å ta vare på naturmangfaldet, både innanfor arealplanlegging etter plan- og bygningslova og anna kommunal planlegging og forvaltning.
Kunnskapsgrunnlag og ny kartlegging viser at kommunen har store naturverdiar, men også kunnskapshol. Naturen er særleg under press frå arealendringar, attgroing og inngrep i vassdrag og karbonrike areal. Innspel frå ein brei medverknadsprosess har vore ein viktig del av grunnlaget for planforslaget.
Planen har fem delmål som mellom anna handlar om å ta vare på naturmangfald og karbonrike areal, styrkje kunnskap og kompetanse, og sikre at naturomsyn blir vurderte i relevante saker.
- Ta vare på naturmangfaldet, samt stanse og reversere tap av artar
- og naturtypar i kommunen
- Ta vare på karbonrike areal og styrke naturen si evne til å motverke og takle klimaendringane.
- Auke kunnskap og kompetanse, samt skape engasjement for naturmangfald i kommunen
- Sikre at naturomsyn blir vurdert i alle relevante plan- og arealsaker
- Styrkje kompetansen på naturvenleg drift og forvalte og drifta kommunale grøntareal slik at naturmangfald og karbonrike areal blir tekne vare på.
Handlingsdelen inneheld tiltak som er foreslått prioriterte dei første fire åra. Planforslaget omfattar ei revidert omsynssone for bevaring av naturmiljø. Omsynssona inneber ikkje automatisk vern eller eit generelt byggjeforbod, men har tilhøyrande retningslinjer. Planforslaget innheld også nokre generelle føresegner knytt til viktige naturverdier. Det er usikkerheit til heimelsgrunnlag for nokre av føresegnene. Dette kjem av at det i liten grad er nytta generelle føresegner jf. til dømes plan- og bygningslova § 11- 9 nr. 6. Kommunedirektøren vurderer at det likevel er riktig å leggje fram forslag til føresegner og retningslinjer. Forslaget skal først behandlast i formannskapet og deretter leggjast ut til offentleg høyring i seks veker.
Saksgang
Saka var oppe i ungdomsrådet 19. november. Det er utarbeidd ei samleside for saka (vedlegg 1 eller sjå bilete under), som var hovudsaksdokumentet til ungdomsrådet. I formannskapet i går blei planforslaget presentert og vedtakspunkta frå ungdomsrådet lagde fram. Planforslaget skal behandlast i formannskapet 8. desember.
Planen på ei side
Ungdomsrådet tok saka til orientering og støttar kommunedirektøren sitt forslag til vedtak med føgkande konkrete innspel:
- Kva tiltak i planen meiner dykk er viktigast å gjennomføre fyrst?
- Det blei poengtert at alle delmåla i handlingsplanen er viktige, men ekstra fokus på å:
- Sikre at naturomsyn blir vurdert i alle saker, og krav om sjekk før utbygging!
- Restaurere og/eller gjere habitatforbetrande tiltak i vassdrag og kantsoner i prioritertevassførekomstar. Dette er eit konkret og viktig mål.
- Ta vare på verdifulle kulturlandskap
- Etablere skulehage – alle skular burde ha det. Meir praktisk naturfagsundervisning.
- Er det naturområde eller naturverdiar som er særleg viktige for barn og unge, som planen bør leggje vekt på?
- Skog og fjell i nærleiken av bygder og bustadområde. Naturen må vere tilgjengeleg, det er sunt for alle!
- Generelt turområder, som t.d. Olalia og Landavatnet.
- Korleis kan kommunen informere og involvere ungdom når planen skal fylgjast opp?
- Gjennom Facebook og Instagram
- Henge opp plakatar og liknande på skular og andre samlingsstadar i kommunen
- Besøkje skular
- Lage moglegheiter for ungdom som vil bidra eller lære meir
Planforslaget
Planprogram
Endeleg planprogram blei vedtatt i formannsskapet (i sak 040/25) 03.05.2025.
For nærare spørsmål, kontakt Anne Sofie Sandvik på tlf. 93 64 60 43 eller e-post anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no