Klare for vidare arbeid med drikkevatnet
Frå og med torsdag denne veka og ut neste veke, blir det ein del anleggstrafikk opp til Stemmetjørn. Arbeidet med Skjold vassverk vil pågå fram til sommaren, men det blir også tatt omsyn til turgåarane i det populære turområdet.
Materialet til Skjold vassverk har vore lagra på parkeringsplassen i Prestegardsvegen. Torsdag startar arbeidet med å flytta det opp til Stemmetjørn.
Johannes Handeland
– Det første me skal gjera er å frakta alt av materiell, som står nede på parkeringsplassen i Prestegardsvegen, opp til Stemmetjørna. Dette gjer me denne og neste veke, seier Johannes Handeland, ingeniør veg, vatn og avløp.
Når dei er ferdige med det, blir det litt betre parkeringsforhold for turgåarane. Det har vore litt trangt om plassen der no ein periode.
Trygg passasje for turgåarar
Vegen opp til Stemmetjørn er merka med skilt.
Johannes Handeland
Deretter skal det leggast vassleidning gjennom Stemmetjørna. Det blir ein del anleggsarbeid oppe ved Stemmetjørna heilt fram til sommarferien.
– Me vil prøva å legga til rette for at turgåarar skal ha trygg passasje under anleggsarbeidet, men i slutten av denne veka og neste veke blir det ein del tungtransport. Då er det greiast om det ikkje er så mange som går tur på dagtid, seier Handeland.
Sist endra 28.04.2021 14.29