Kjenner du ein gullvinnar?

Vindafjord har mange talentfulle utøvarar som utmerkar seg på ulike område. Også i år ønskjer kommunen å løfte fram dei som har nådd langt – ved ordførarens nyttårsmottaking.

Difor håpar me at du vil tipse oss om NM-, EM- og VM-vinnarar frå 2025.

Hedda og Vera Gjerde med pokal på banen - Klikk for stort bileteHedda og Vera Gjerde frå Vindafjord, som spelar volleyball for TIF Viking i Bergen, har all grunn til å feira ein historisk trippel. Privat


- Utruleg stort

Blant dei som har nådd heilt til topps, er søstrene Hedda og Vera Gjerde frå Vindafjord, som spelar volleyball for TIF Viking i Bergen. 

Laget tok både serien, Noregsmeisterskapet og sluttspelet – ein historisk trippel for norsk kvinnevolleyball.

Vera fortel at det framleis kjennest litt uverkeleg:

– Det er utruleg stort å få oppleva dette saman med søstera si. Og ikkje minst kjekt å vera ein del av eit lag som TIF Viking. Sammen har me fått vera med på å skriva historie i norsk kvinnevolleyball!

Hedda deler kjensla:

– Reisa frå å starte i Viking i 2021 og spela nedrykkskamp for å klara å halde plassen i Eliteserien, til å stå igjen som trippelvinnar i 2025 – det er ei oppleving eg kjem til å ta med meg resten av livet.

Har du tips om fleire gullvinnarar?

Når 2025 går mot slutten og ordføraren førebur nyttårsmottakinga i januar, ønskjer vi tips om lokale utøvarar som har blitt meisterar i året som har gått.

Send tips til:
kultur@vindafjord.kommune.no

Frist:
📅 20. desember 2025

Ta gjerne med:

  • Fullt namn
  • Mobilnummer
  • Stad og lag/foreining
  • Kva personen har blitt NM-/EM-/VM-vinnar i