Kartlegging i Åmselva 2026-2027

Vindafjord kommune har fått midlar til å kartleggja elvemusling, laks og sjøaure i Åmselva i 2026 og 2027.

Statsforvaltaren i Rogaland

Arbeidet omfattar kartlegging av leveområde, elektrofiske, måling av oksygen og vasskvalitet, samt drivtelling av elvemusling. Målet er å skaffa eit godt kunnskapsgrunnlag for tiltak som kan styrkja produksjonsgrunnlaget for desse artane.

Kartlegginga vert gjennomført i samarbeid mellom Biota Naturkompetanse AS og Limnologene AS.

Telling av elvemusling går føre seg allereie i veke 27, medan vidare kartlegging og elektrofiske vert gjennomført frå august.

Har du spørsmål om kartlegginga, lokalkunnskap om elva eller sidebekkar, eller ønskjer å delta, kan du ta kontakt med Bjart Are Hellen på telefon 971 39 899 eller e-post bjart.are.hellen@biota.no.