Kan du tenka deg å bli frivillig?

Integreringstenesta og frivilligsentralen søker frivillige som kan vera med å bistå flyktningar som kjem til Vindafjord.

Bilde av to som holder mobiltelefonar - Klikk for stort bilete terimakasih0@Pixabay

Vindafjord kommune skal i 2023 busetta 60 flyktningar, medan det i fjor vart busett 55 personar. Flyktningane kjem frå forskjellige land og varierer i alder frå 0 til 75 år.

Ein viktig del av integreringsarbeidet er å legga til rette for at flyktningane kjem i kontakt med andre innbyggarar i kommunen. Mange flyktningar ønsker å bli kjend med andre, ha nokon å prata norsk med, eller treng hjelp til andre praktiske oppgåver i kvardagen.

Integreringstenesta og frivilligsentralen ønsker å kopla saman flyktningar med enkeltpersonar eller familiar som vil bidra. Det er og behov for hjelp til å utføra enkeltståande oppgåver. Dersom du ønsker å bidra vil me prøva å matcha dine ønsker med behova til den enkelte flyktning. Du kan lesa meir, og melda deg som frivillig på frivillig.no (nettlenke).

Eksempel på måtar du kan bidra:

  • Besøk-/språkven
  • Turkamerat
  • Reservebesteforeldre
  • Sjåføroppdrag
  • Følgjeperson til fritidsaktivitet eller arrangement
  • Velkomstkomité (for eksempel invitere på ein middag eller ei omvisning i bygda)
  • Innsamlingsansvarleg for brukte klede og utstyr
  • Arrangør av sosiale møtepunkt
  • Delta på spåktreff

Ta kontakt med frivilligsentralen eller integreringstenesta dersom du ynskjer å bidra eller har spørsmål.

Integreringstenesta:

Katarina Heggebø

E-post: Katarina.Bodtker.Heggebo@nav.no

Mobil: 90 96 34 27

Frivilligsentralen:

Liva Nesheim Fuglestein

E-post: liva.nesheim.fuglestein@vindafjord.kommune.no 

Telefon: 48 18 40 78