Kamilla stortrivst som lærling i Skjold barnehage

Første året som lærling i Skjold barnehage har gjort Kamilla trygg på at arbeid med barn er hennar veg vidare. Ho opplever meistring, utvikling – og ein arbeidsplass der ho blir sett.

Kamilla Johannessen er lærling på småbarnsavdelinga Marihøna, og trivst betre enn ho nokon gong hadde håpa.

Allereie frå første dag kjende ho at barnehagekvardagen passa henne.

– Eg stortrivst! Det kjennest veldig rett å vera her, seier ho.

No søker Kamilla kollegaer i Vindafjordbarnehagen.

Kamilla ute i Skjold barnehage - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Ein draum som har fått veksa

Kamilla har hatt lyst til å arbeida med barn heilt sidan ho var lita. Ho har passa ungar gjennom store deler av oppveksten, og har alltid likt å vera ein trygg, støttande omsorgsperson.

– Det kjekkaste er å følgja utviklinga til ungane. Dei lærer noko nytt kvar dag, og ingen dagar er like.

Ledige stillingar:

Vindafjord kommune - Barnehagelærar og pedagogisk leiar

Lærerik og aktiv kvardag

Kvart einaste arbeidsdag gir nye erfaringar. På Marihønnene får ho vera med på alt frå leik, stell og måltid til turar og formingsaktivitetar. Ho får òg ansvar for å planlegga aktivitetar sjølv.

– Det er både kjekt og lærerikt. Eg har lært utruleg mykje det første året, fortel ho.

Kamilla ute i Skjold barnehage - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Eit arbeidsmiljø med varme og tillit

Kamilla set stor pris på kollegaene sine og fellesskapet i barnehagen. Personalet har inkludert henne frå første dag og vist henne tillit i oppgåvene ho får.

Ho har også fått gode tilbakemeldingar på at ho er flink til å byggja relasjonar, smiler mykje og spreier glede hos både barn og vaksne.

– Det betyr mykje å høyra at ungane lyser opp når eg kjem på jobb. Det gjer meg trygg i rolla mi.

Kamilla ute i Skjold barnehage - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Framtidsplanar i Vindafjord

Kamilla skal vera lærling i Skjold barnehage eitt år til, og vil fortsetja i Vindafjordbarnehagane også etter læretida. Kanskje ventar også vidareutdanning.

– Dette er ein plass eg gjerne kunne jobba vidare. Her får eg utvikla meg.

Kunne du tenkt deg ei framtid i barnehage? Då kan Vindafjordbarnehagane vera plassen for deg.

Ledige stillingar:

Vindafjord kommune - Barnehagelærar og pedagogisk leiar