Mandag 12. mai inviterte Vindafjord kommune lag og organisasjonar til kafédialog på Ølen kulturhus. Arrangementet samla 25 deltakarar frå 11 ulike grendalag, lag og organisasjonar som engasjerer seg i lokalsamfunnet.
Formålet med samlinga var å skape ein arena for dialog og medverknad i arbeidet med ny helse- og omsorgsplan. Kommunalsjef Sigurd Gjerdevik presenterte hovudfunna frå Agenda Kaupang-rapporten, og resultata frå innbyggjarundersøkinga vart lagt fram.
Deltakarane vart delte inn i fem grupper, der einingsleiarane fungerte som bordvertar. Dei hadde ansvar for å halde tida og sørgje for fokus på dei ulike tema:
- barn, unge og familiar
- bustad og planlegging for eigen alderdom
- tidles innsats, sosiale møteplassar og sktivitetstilbod
- bruk av teknologi
- tiltak og innspel til planen
Kvar gruppe diskuterte kva som overraska dei i undersøkinga, om deira lag eller organisasjon kunne bidra med noko, og kva kommunen burde prioritere framover.
Det vart mange gode og engasjerte diskusjonar. Tilbakemeldingane frå deltakarane var i all hovudsak positive: Dei meinte det var eit nyttig og vellukka opplegg, godt organisert og ei verdifull moglegheit for å medverke. Nokre ønskte seg betre tid til diskusjonane, medan andre sakna enkelte tema og høve til å stille spørsmål.
Kommunen takkar alle som deltok, og ser fram til å ta med seg innspela vidare i arbeidet med helse- og omsorgsplanen.
Et godt oppmøte med engasjerte mennesker
Ruth Økland