Julehelsing til dei tilsette og innbyggjarane i Vindafjord kommune

Denne veka har kommunedirektør Yngve Folven Bergesen og ordførar Ole Johan Vierdal vore på den årlege julerunden.

Denne runden ut på alle einingar og avdelingar er viktig for dei begge.

- Me vil nytta høvet til å takke alle tilsette for innsatsen de har lagt ned gjennom 2025. Utan dykk hadde ikkje kommunen vore i stand til å yte tenester til innbyggjarane, kvar einaste dag gjennom heile året. De gjer alle ein svært viktig jobb for Vindafjord kommune, seier Folven Bergesen.

God jul og godt nyttår til alle tilsette og innbyggjarane i Vindafjord!

Kommunedirektøren og ordføraren på julerunden til dei tilsette Nils Erik Eide