Jane og Linda trivs på Solbakken: – Eit fagmiljø som vil kvarandre vel

På Solbakken bufellesskap i Ølen arbeider vernepleiarane Linda Hauge Holten og Jane Hustoft Svendsen. Dei omtalar kollegaene sine som eit draumelag. 

Felles for begge er at dei har funne ein arbeidsplass med meining, der dei får brukt kompetansen sin kvar dag.

Linda byrja på Solbakken i 2019 og Jane i 2023. Før det hadde dei jobba saman på Sandeidtunet. 

– Me fann fort ut at dette var ein stad som passa oss. Oppgåvene er varierte, og du kjenner at du får brukt faget ditt. Det er eit miljø der folk vil kvarandre vel og spelar kvarandre gode, seier Jane. 

Jane og Linda sittande i sofaen på Solbakken - Klikk for stort bileteJane og Linda er ein del av draumelaget på Solbakken. Kristine Thorsen Eikeland

Ulike behov – ulike kvardagar 

På Solbakken bur menneske i ulike aldrar og med ulike behov.

Nokre bur her fast, medan andre kjem til avlasting. I tillegg gir personalet tenester til brukarar som bur heime. 

– Arbeidsdagane er aldri like, fortel Jane.  

– Me gir støtte i kvardagen og er med på å skapa dagar fylt med meistring, tilhøyrsle og meiningsfulle opplevingar. 

– Dette er heimen deira. Me tilpassar dagen etter behova deira og jobbar for tryggleik, tillit og føreseielegheit, seier Linda. 

Linda inne på Solbakken - Klikk for stort bileteLinda Hauge Holten stortrivst i jobben på Solbakken. Kristine Thorsen Eikeland

Ein trygg og samansveisa gjeng 

Personalgruppa på Solbakken er tett samkøyrd. 

– Det er låg terskel for å be om hjelp eller ta opp ting, seier Jane. – Det gjer at me står støtt i kvardagen. 

Nye tilsette blir raskt inkludert, og både faglege drøftingar og uformelle samtalar har ein naturleg plass i miljøet. 

– Du kan vera deg sjølv her. Det betyr mykje, seier Jane. 

Det sosiale held fram også utanom jobb. – Me har hatt både julelag, fjellturar og små, uformelle kveldar saman, fortel Linda. 

Ein arbeidsplass folk kjem tilbake til 

Både lærlingar og sommarvikarar vender ofte tilbake til Solbakken. Det ser dei som eit godt teikn. 

– Det viser at folk trivst – både med oppgåvene og med folka rundt seg, fortel Jane.

Jane inne på Solbakken - Klikk for stort bileteJane Svendsen framhevar det gode arbeidsmiljøet på Solbakken. Kristine Thorsen Eikeland

Ulike turnusordningar

På Solbakken har dei tilbod om ulike turnusordningar. Nokre tilsette har 14‑timars langvakter og arbeid kvar fjerde helg, medan andre ønskjer dag‑ og kveldsvakter i vekedagane. 

– Det gir gode friperiodar, seier Jane.  

– For mange passar langvakter godt når ein har familie eller treng litt pusterom mellom vaktene. Samtidig har me òg vanlege dag‑ og kveldsvakter som gjer at mykje av dagen er fri. 

Det nye bygget trekkjast også fram som ein styrke: lyse rom, gode fargar, funksjonelle arbeidslokale og heimlege leilegheiter. 

Inne på Solbakken - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Når små steg blir store 

Meistring er noko av det som gjer sterkast inntrykk. 

– Det betyr mykje å sjå når nokon klara det som har vore krevjande lenge. Det er då ein kjenner kor viktig arbeidet er, seier Linda. 

– Nokre dagar er travle og andre rolege, men balansen er god. Me har kjekke dagar på jobb, seier Jane.  

Solbakken samarbeider tett med pårørande, skule, helse og andre tenester. 

– Fagmiljøet er solid. Det merkast i kvaliteten.