Inviterer til familiedag på Sjøperlo

Redd Barna Haugalandet og Vindafjord Frivilligsentral inviterer til familiedag på Sjøperlo laurdag 5. september frå kl. 11.00 til 14.00.

Arrangementet opnar med klovneshow og trylling. Deretter blir det ansiktsmaling, ballongfigurar, legobyggjing, teikneaktivitet med karrikaturteiknar, fargeleggjing av Redd Barna-kroner, rettigheitssti, pizza og mykje meir.

Arrangementet er gratis og utan påmelding. Alle born må kome i følgje med ein vaksen.

Vel møtt til ein innhaldsrik dag på Sjøperlo!

Dato: Laurdag 5.september
Tid: Kl. 11-14
Stad: Sjøperlo

Arrangementsplakat - Klikk for stort bilete Plakat Redd Barna/Vindafjord Frivilligsentral