Innbyggjarar engasjerte seg i planane for nytt omsorgssenter

Over 100 innbyggjarar møtte fram då Vindafjord kommune inviterte til ope informasjonsmøte om planane for nytt, felles omsorgssenter. Blant dei som deltok var Gunn Haraldseid og Jan Ove Stople.

Møtet gav ei orientering om alternativa som blir vurderte, status i prosjektet og korleis vidare prosess vil gå føre seg. Det var òg høve for publikum å stille spørsmål og kome med innspel.

Gunn Haraldseid og Jan Ove Stople har begge eit engasjement for korleis framtidas omsorgstenester skal utviklast, og meiner møtet var eit godt tiltak.

Gunn Haraldseid og Jan Ove Stople - Klikk for stort bileteBlant dei som deltok var Gunn Haraldseid og Jan Ove Stople. Anne Sofie Sandvik

– Viktig med god informasjon og reell medverknad

Gunn Haraldseid møtte saman med mor si. Som ny pensjonist og aktiv i frivillig arbeid ønskte ho å setja seg inn i planane som vil påverka mange i åra som kjem.

– Det var eit veldig godt møte. Me fekk tydeleg informasjon om kor me er i prosessen, og det var kjekt å sjå at så mange hadde møtt fram, seier ho.

Ho meiner spørjeundersøkinga som no er open, er eit viktig verktøy for å sikre at innbyggjarane verkeleg blir høyrde.

– Undersøkinga er godt utforma og gir reell medverknad. Eg skal svara sjølv og gjera mitt for å spreie ho vidare. Det er viktig at flest mogleg deltek, seier Haraldseid.

Ho peikar òg på at plasseringa av senteret må vurderast i samanheng med andre tenester og framtidige behov.

– Eit nytt, felles omsorgssenter er eit stort løft. Det bør liggja sentralt, og me må hugsa heile omsorgstrappa. Gode bustader og førebyggjande tiltak gjer at fleire kan bu heime lenger. Det treng me å tenka meir på framover.

– Ein investering for framtida

Jan Ove Stople er òg fersk pensjonist og har tidlegare vore engasjert i lokalpolitikken. Han meiner det er naturleg å følgja ekstra godt med når kommunen no planlegg framtidas omsorgstenester.

– Det er viktig å forstå kva som skjer. Dette blir jo bygd for oss eldre, seier han.

Stople synest møtet gav eit godt overblikk over kva vurderingar som no ligg på bordet.

– Det var mykje folk og god interesse. Informasjonen om korleis dei tenkjer framover var nyttig, og det var bra at folk stilte spørsmål.

For han er det viktigaste at det nye senteret blir funksjonelt og framtidsretta.

– Eg meiner ein ikkje treng å bruka for mykje tid på sjølve lokasjonen. Fasilitetane og nærleik til andre tenester er viktigare. Dette er ein investering for framtida, og då må ein tenka effektiv og god drift.

Han har planar om å følgja prosessen vidare.

– Eg skal svara på spørjeundersøkinga, og det oppfordrar eg alle andre til å gjera òg.

Me ønskjer di meining gjennom ei spørjeundersøking:

Her kan du som innbyggjar svare på undersøkinga*

*Tilsette innan dei aktuelle tenestene vil få ei eiga spørjeundersøking, og skal ikkje svara på denne. 

*Les teksten nedanfor før du fyller ut skjemaet.

*Undersøkinga tek mindre enn 10 minuttar å svara på.

*På biblioteket kan du både få rettleiing til utfylling digitalt eller få utskrift av undersøkinga. Då kan du fylle den ut og levere den inn på biblioteket.